Bestilling av serviceoppdrag

  • Ta kontakt med fellestenester på tlf 53 49 66 00

Tilsette

Bjarte JørgensenServicetekniker
Reidar Urang FunderudServicetekniker
Per Otto FlæteServicetekniker 

Henting og tilbakelevering av hjelpemiddel

Som hovedregel skal du hente og levere hjelpemiddel sjølv. 

Adresse: Lønningsåsen 9b, 5417 Stord 

Sted: Utleveringsrom i 1.etg på Stord kommunale rehabiliteringssenter

 

Transport av hjelpemiddel frå Kommunalt hjelpemiddellager vert fakturert etter gjeldande satsar

Transport av hjelpemiddel frå NAV er gratis dersom du eller ditt nettverk ikke kan transportera dette sjølv. 

Kostnad

EIGENBETALINGFRITAK
Lån av hjelpemiddel frå kommunalt hjelpemiddellager inntil 2 år.
  • Hjelpemiddel som vert lånt av hensyn til tilsette
  • Ved lån av hjelpemiddel frå kommunalt lager i påvente av hjelpemiddel frå NAV
  • Born og unge under 18 år
  • Lån av hjelpemiddel frå NAV er gratis

Serviceoppdrag som montering/demontering vert fakturert per påbyrja time.

Serviceoppdrag ved flytting mellom heim og kommunal bustad eller institusjon vert fakturert for 2 timar.

Montering/demontering/flytting av sjukehusseng, elektrisk hjartebrett, støttestang, komfortrullestol, preikestol, personløftar og gripostang

 

Transport av kommunale hjelpemiddel.
  • Transport ved utlevering/innlevering av sjukehusseng, elektrisk hjartebrett, støttestang, komfortrullestol, preikestol, personløftar og gripostang
  • Transport av hjelpemiddel frå NAV er gratis

Kjøp av handtak (stykkpris).

Montering av handtak vert fakturert per time.

Å kjøpe og montere handtak privat er eit alternativ som ikkje genererer eigenbetaling. Handtak kan kjøpast på td Biltema eller i andre jernvarebutikkar


Transport av hjelpemiddel frå kommunalt hjelpemiddellager vert fakturert etter gjeldande satsar

Velferdsteknologi

Servicetenesta samarbeidar tett med velferdsteknologikoordinator. 

Meir informasjon om velferdsteknologi finn du her: Velferdsteknologi - Stord kommune

Hjelpemiddel

Akutt behov for hjelpemiddel

  • Ved akutt behov for hjelpemiddel kan du låne hjelpemiddel frå kommunal hjelpemiddellager. 

Varig behov for hjelpemiddel

  • Har du eit varig (over 2 år) behov for hjelpemiddel kan fysio- og ergoterapitenesta, heimebaserte tenester, kommunale instutisjonar og bustadar bistå i vurdering av behov og i søknadsprosessen til NAV hjelpemiddelsentral. 

 

Ta kontakt med fellestenester på 53 49 66 00

Meir informasjon om lån av hjelpemiddel finn du her: Hjelpemiddel - Stord kommune

Sykkel frå NAV hjelpemiddelsentral

Når du låner sykkel frå NAV hjelpemiddelsentral følgjer det med eit eigeansvar. 

Du har blant anna ansvar for: 

Vanlig vedlikehold som å etterfylle luft i dekk, vaske sykkelen, smøre kjede og vaiere, skifte dekk og bremseklosser etc. Se bruksanvisningen (som du finner på FinnHjelpemiddel under rammeavtalen for sykler) for detaljer om vedlikehold.

Det er altså ikkje kommunen sitt ansvar å bistå med vanleg vedlikehald av sykkel. Kommunen har heller ikkje ansvar for transport av hjelpemiddel til sportsbutikk for reperasjon/vedlikehald av sykkel. Dette må du ordne sjølv. 

Kommunen sitt ansvar i samråd med NAV hjelpemiddelsentral:

Ved td. reperasjon eller vedlikehald av motor, elektronikk, betteri og spesialutstyr (ex ryggstøtte, fotplater) bistår kommunen med hjelp, samt koordinere transport til NAV hjelpemiddelsentral. 

 

Meir informasjon om ansvarsfordeling, opplæring og oppfølging av sykkel finn du her: 

Opplæring og oppfølging av sykkel | Kunnskapsbanken

Informasjon ved utlevering av sykkel med hjelpemotor

Prioriteringsnøkkel

Prioriteringsnøklar for Serviceoppdrag i Stord Kommune

PRIORITET VEGLEIING TIL PRIORITERINGESTIMERT RESPONSTID

 

Prioritet 0

 

HASTEOPPDRAG

 

Ved hasteoppdrag (prioritet 0) skal det i tillegg ringast straks oppdrag er registrert. Dette for å sikre god samhandling i sakene.

 

 

 

 

 

Sjå meir informasjon her:

Akutt reparasjon av hjelpemidler - nav.no

 

Serviceoppdrag vert vurdert til å ha særlig stor betydning for å ivareta liv og helse

Døme:

  • Personer med kort forventa levetid/terminal fase der serviceoppdrag vil vera avgjerande for ei god og forsvarlig siste livsfase.
  • Utskriven frå sjukehus der ein ikkje har kunne planlegge for lengre frist og der serviceoppdrag er avgjerande for liv og helse (hjelpemiddel som td sjukehusseng, personløftar, toalettforhøgar, alarm)
  • Akutt funksjonfall for heimebuande der serviceoppdrag er avgjerande for liv og helse.
  • Øydelage hjelpemiddel som brukar ikkje kan klare seg utan td takheis, elektrisk rullestol, seng eller trappeheis. Vudèr alltid alternative løysingar for å ivareta liv og helse.
  • NAV hjelpemiddelsentral kan bistå ved akutt behov for reparasjon av alle hjelpemiddel frå NAV. Gjeld situasjonar som kan føre til ein naudsituasjon ved funksjonsfeil eller samanbrot
  • Dersom driftstans på elektriske hjelpemiddel og brukar befinn seg i ein hjelpelaus situasjon må det vurderast bistand frå brann og redning!40 70 28 12 / Utanom opningstida tlf 99 20 23 55
  • Døme: Viss trappeheis er øydelagt, og brukar er avhengig av trappeheis for å til dømes komme seg på toalettet vert dette eit hasteoppdrag.

Å komme seg ut av huset på tur vert  ikkje vurdert som eit hasteoppdrag!

 

  •  24 timar / neste virkedag

(skaffe delar og reperasjonar kan ikkje løysast innan 24 timar) 

 

Prioritet 1

Serviceoppdrag vert vurdert til å kunne oppretthalde funksjonar og hindre skade og ulykke

Døme:

  • Montering av nye hjelpemiddel eller utbetring ved feil på hjelpemiddel td komfyrvakt, flexiblink mm.
  • Utkøyring av hjelpemiddel til brukar som har eller står i fare for å få ei alvorlig forverring i sin helsetilstand (td å utvikle trykksår) og der brukar eller pårørande ikkje kan hente aktuelt hjelpemiddel sjølve.
  • Brukar med forverring i psykisk helse, livskvalitet og funksjonsevne (kan gjelde fleire ulike hjelpemiddel og oppdrag td justeringar og monteringar på hjelpemiddel ein allereie har eller td nøkkelboks / tryggleiksalarm)
  • Hjelpemiddel som bidrar til eit forsvarlig arbeidsmiljø for tilsette.
  • Elektriske hjelpemiddel (td rullestol) som ikkje fungerer og der brukar ikkje har andre hjelpemiddel som kan nyttast. 
1 veke

 

Prioritet 2

Serviceoppdrag vert vurdert til å ha stor betydning for at brukar kan bu forsvarlig i eigen bustad

Døme:

  • Serviceoppdrag ved begynnande funksjonstap (td montering eller utkøyring av ulike hjelpemiddel)
  • Serviceoppdraget kan avgrense eller forhindre slitasje på pårørande og tilsette (kan gjelde mange ulike hjelpemiddel eller montering- og reparasjonsoppdrag)
  • Serviceoppdraget er avgjerande for å kunne utføre daglige aktivitetar i eigen heim, delta i arbeidsliv og meistra eigenomsorg både fysisk og psykisk. 
2 veker

 

Prioritet 3

Serviceoppdrag vert vurdert å ha betydning for at brukar kan oppretthalde eller utvikla/betra funksjons- og meistringsevne

Døme:

  • Montere eller reparere IR anlegg (forsterkar lyd til tv) 
  • Utredning av tersklar
  • Montering av handtak 
  • Serviceoppdrag til brukar med kroniske lidingar eller funksjonsnedsettingar der ein kan planlegge godt, og der brukar er i ein stabil fase.

4 veker 

 

Prioritet 4 

 

Servicetenestene vert vurdert til å ha betydning for brukar si funksjons og meistringsevne

Døme:

  • Innhenting av hjelpemidlar 
  • Ombytte av hjelpemidlar 
  • Reparasjonar og monteringar
3 mnd 
Prioritet 5-0Velferdsteknologi der hastegrad er vurdert til avgjerande for ivaretaking av liv og helse24 timar
Prioritet 5-1Velferdsteknologi utplassering av utstyr3 dagar
Prioritet 5-2Velferdsteknologi innhenting av utstyr3 veker