Du kan søkja om tilbod for barnet ditt i SFO på den skulen barnet er elev.

I tillegg kan du søkja om SFO på skulefrie dagar og sommar-SFO. Dette tilbodet er samlokalisert på ein av skulane i kommunen. Tilbodet er per i dag på Hystad skule.

Opningstider

Kommunen har ordinært SFO-tilbod før og etter skuletid for 1.-4. trinn og for barn med særlege behov på 1.-7. trinn. Opningstida er kl. 6:45-16:15 (måndag-fredag). Tilbodet fylgjer skuleåret. 

SFO-ordningane er stengde helge- og høgtidsdagar, samt jul- og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag er SFO open til kl. 12:00.

Når tilsette i SFO deltek på skulen sine planleggingsdagar, er SFO-ordningane stengde.

I tillegg til ordinært SFO-tilbod gir kommunen tilbod om SFO på undervisningsfrie dagar. Oversyn over undervisningsfrie dagar finn ein i skuleruta. Sommar-SFO er eit tilbod frå skulen sluttar i juni og til skulen byrjar att i august.

Søk SFO-tilbod eller endra SFO-tilbod

Søknadsfrist og opptaksperiode

Kommunen har eit hovudopptak for alle SFO-tilbod med søknadsfrist 1. april, og deretter opptak ved ledig kapasitet.

Elevar som har ordinært SFO tilbod, beheld tilbodet til og med 4. trinn, eller til tilbodet vert sagt opp. Ein treng ikkje søkja kvart år.

Tilbod om SFO på skulefriedagar og sommar-SFO vert gitt for eitt år om gongen. Ein må derfor søkja på nytt kvart år.

Slik søkjer du

Du søkjer om SFO-tilbod og endring i SFO-tilbod via Visma Flyt Skole. Lenkje til innlogging finn du her: Innlogging for stord: Foresattportal

Om du ikkje kan søkja elektronisk, ta kontakt med skulen der elev er skriven inn.

SFO på skulefrie dagar

Om du skal søka om tilbod om SFO på skulefriedagar og sommar-SFO må du søka om det innan 1. april. Bruk skjema lenger nede på sida.

MånadDatoKva skjer i skuleTal dagarKor
August11. til 12.8.Elevfrie dagar / Planleggingsdagar2Rommetveit skule
Oktober6. til 10.10.Haustferie5Rommetveit skule
November7.11Elevfri dag / Planleggingsdag 1Rommetveit skule
Desember22, 23, 29, 30.12Juleferie4Rommetveit skule
Januar2.1Elevfri dag / Planleggingsdag1Rommetveit skule
Februar23.2 til 27.2.Vinterferie5Rommetveit skule
Mars30. til 31.3Påskeferie2Rommetveit skule
April1. (halvdag)Påskeferie0,5Rommetveit skule
Mai15.5Elevfri dag1Rommetveit skule

Sommar SFO

Om du skal søka om tilbod om SFO på skulefriedagar og sommar-SFO må du søka om det. Bruk skjema lenger nede på sida. 

Sommar SFO er 23. til 27. juni på Hystad skule, og 4. til 8. august på Rommetveit skule.

Prioritet ved opptak

  1. Elevar på 1. og 2. trinn
  2. Elevar med særskilte behov
  3. Elevar på 3. og 4. trinn

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Rektor har mynde til å fatta vedtak om opptak i ordinær SFO ved sin skule og til SFO på undervisningsfrie dagar og sommar-SFO. Den kommunale klagenemnda er klageinstans.

Oppseiing

Føresette kan seia opp eller endra SFO-tilbodet med minst to månaders varsel rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Døme: Seier du opp SFO-tilbodet 15. desember, vil du ha tilbod og betalingsplikt ut februar. Frå og med mars har du ikkje tilbod og betalingsplikt.

Det må betalast for opphald i oppseiingstida, også for unytta tilbod. Dette gjeld òg tilbodet om sommar-SFO, og/eller SFO på skulefrie dagar.

Gå til Visma Flyt Skole for å seia opp tilbod. Lenkje til innlogging finn du her: Innlogging for stord: Foresattportal

Høve til å klaga

Får du avslag på søknaden, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontakt

Rektor eller SFO-leiar ved den skulen eleven er innskriven.

Send sikker digital post