Hjelpemiddel du kan kjøpe sjølv
Desse hjelpemiddla må du kjøpe sjølv:
- Krykker
- Småhjelpemiddel
- Forhøgningsklossar til seng/stol
- Strømpepåtrekkar
- Gripetang
Stord kommune har liten kapasitet i forhold til etterspurnad om tenestene. Grunna lang ventetid anbefalar me deg å sjå på mogleiken for å gå til innkjøp av til dømes desse hjelpemidla sjølv:
- Rullator
- Dusjkrakk
- Armlene til toalett
- Samtaleforsterkar / lydforsterkar
- God kvilestol
Hjelpemidla kan du blant anna kjøpe på ditt lokale apotek, bestille på nettsida til apoteket eller i nettbutikar for hjelpemiddel. Samtaleforsterkar/lydforsterkar kan du kjøpe på din lokale elektronikk butikk. I din lokal møbelbutikk kan du kjøpe ein god kvilestol.
Lån av hjelpemiddel frå kommunalt hjelpemiddellager
Ved kortvarig behov for hjelpemiddel som td rullestol, toalettstol/dusjstol, rullator, støttestang, toalettforhøgar m.m tek du kontakt med Fellestenester på tlf 53 49 66 00.
Du kan og formidle behov for hjelpemiddel via tenester du allereie mottar, til dømes heimebaserte tenester.
Du kan og søke via
Hjelpemiddel klargjort til utlån kan hentast alle vekedagar mellom kl. 08.00 og 15.00 i utleveringsrom i 1.etg. på rehabiliteringssenteret, følg skilt til eige rom for utleveringsklare hjelpemiddel. Dersom du ikkje finn hjelpemiddelet du skal hente: ta kontakt med servicetenesta på telefon: 908 02 638 eller 975 52 230.
Me oppmodar alle som låner hjelpemiddel til å hente sjølv (evt pårørande eller andre i nettverket). Dersom du ikkje kan hente eller levere hjelpemiddelet, kan det avtalast transport mot ein kostnad.
Lån av hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral
Alle som har varig behov (over 2 år) for hjelpemiddel kan søkje om å låne frå NAV Hjelpemiddelsentral .
Dei heimebaserte tenestene, fysio- og ergoterapitenesta, kommunale institusjonar og bustadar kan bistå i vurdering av behov og i søknadsprosessen.
Hjelpemiddel frå NAV blir levert til felles utleveringsstad i Stord Kommunale Rehabiliteringssenter. Du vil få melding om at hjelpemiddel er kome. Me oppmodar til å hente hjelpemiddel sjølv.
Innlevering av hjelpemiddel
Når du ikkje har behov for hjelpemiddelet skal det leverast attende så snart som mogleg. Hjelpemiddel skal leverast i 1 etg. på rehabiliteringssenteret, følg skilt til merka sone for innlevering.
Hjelpemiddelet skal reingjerast før innlevering.
Nokre hjelpmiddel består av fleire delar. Hugs å få med alle delar.
Følg instruks på oppslag ved innleveringssona for rett merking av hjelpemiddelet.
Dersom du eller pårørande ikkje har anledning til å levere tilbake hjelpemiddel kan det avtalast transport ved å ta kontakt med Fellestenester på telefon 53 49 66 00. Transport av hjelpemiddel kan medføre ein kostnad.
Eigenbetaling ved lån og transport av hjelpemiddel
Lån og transport av hjelpemiddel frå Kommunalt hjelpemiddellager vert fakturert etter gjeldande satsar
EIGENBETALING | FRITAK |
---|---|
Lån av hjelpemiddel frå kommunalt hjelpemiddellager inntil 2 år. |
|
Serviceoppdrag som montering/demontering vert fakturert per påbyrja time. Serviceoppdrag ved flytting mellom heim og kommunal bustad eller institusjon vert fakturert for 2 timar. | Montering/demontering/flytting av sjukehusseng, elektrisk hjartebrett, støttestang, komfortrullestol, preikestol, personløftar og gripostang
|
Transport av kommunale hjelpemiddel. |
|
Kjøp av handtak (stykkpris). | Å kjøpe og montere handtak privat er eit alternativ som ikkje genererer eigenbetaling. Handtak kan kjøpast på td Biltema eller i andre jernvarebutikkar |