Den enkelte abonnent har ansvar for å halda eigne stikkleidningar i orden, og skal også sjå til at det ikkje kjem miljøfarleg avfall eller anna stoff i leidningsnettet som kan hindra ei effektiv reinsing i samsvar med gjeldande miljøkrav. Sjå eige sanitærreglement.
Leidningsnett avlaup
Som avlaupsabonnent hos Stord kommune er du sikra at avlaupsvatnet vert leia bort på ein hygienisk trygg måte, og at kommunen driv avlaupsanlegga i tråd med gjeldande utsleppsløyve.