Ergoterapitenesta gjev tilbod vaksne og eldre med nedsett funksjonsevne, motoriske og kognitive vanskar. Ergoterapeutar arbeider for at alle skal kunne vera aktive i eigen kvardag og har fokus på å finna meiningsfulle aktivitetar for det einskilde. Ergoterapeutar tilrettelegg for aktivitet og deltaking i eigen kvardag ut i frå den einskilde sine ressursar. Ergoterapeutar har kompetanse til å kartlegge funksjonsutfordringar og bidra med tiltak som kan styrke brukar sin funksjon og deltaking i kvardagen gjennom trening, vegleiing og rådgjeving til brukar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Korleis søkje
Du kan søkje via søknadsskjema her
- Søknad om ergoterapeut
- Søknad om ergoterapeut. PDF
- Dersom du har teneste frå før kan du sende ei melding via Helsenorge.no.
Kvar henvending vil verta vurdert opp i mot om ein fyller kriteria for å vera mottakar av tenesta. Alle henvendingar vert prioritert etter ein prioriteringsnøkkel.
Teieplikt: Dei tilsette har teieplikt om personopplysningar.
Tilsette
Ikkje send personsensitive opplysningar på e-post. Dette for din eigen tryggleik.
Tonje Hovland Tlf. 48189821 E-post: tonje.hovland@stord.kommune.no | Avdelingsleiar |
---|---|
Ole Christian Heimly Tlf. 456 59 473 E-post: ole.christian.heimly@stord.kommune.no | Ass.avdelingsleiar Ergoterapeut |
Sara Brosvik E-post: sara.brosvik@stord.kommune.no | Ergoterapeut for vaksne Heimerehabilitering |
Solfrid Skumsnes Dahle E-post: Solfrid.Dahle@stord.kommune.no | Ergoterapeut for vaksne |
Brita Monsen E-post: Brita.Monsen@stord.kommune.no | Ergoterapeut for born og vaksne |
Celina Solend E-post: Celina.Solend@stord.kommune.no | Ergoterapeut for vaksne Høyrselskontakt Demensteam |
Kari Løbø Alfarnes E-post: kari.lobo.alfarnes@stord.kommune.no | Ergoterapeut for born og vaksne |
Tilrettelegg din bustad - Kva er ditt ansvar?
Har du tenkt på kva du skal gjere dersom du ikkje kjem deg opp trappa eller inn på badet heime? Då er det naudsynt å tenkje over kva som er viktig for deg i åra som kjem. For nokre kan det vere å gjere tilpassingar der du bur. For andre kan ein heilt ny heim vera den beste løysninga.
Det er du sjølv som har ansvar for å ha ein bustad som du og din familie kan bu- og fungere godt i uansett kva som skjer i livet.
Du skal: Kunne bu og leve i huset med kjøkken, bad, stove og soverom om du har brekt beinet, får ein halvsidig lammelse eller får besøk av bestemor i rullestol.
Ergoterapitenesta kan gi råd og rettleiing slik at du kan bu heime i ein tilrettelagt bustad. I nokre tilfelle kan ergoterapitenesta hjelpe deg med søknad om hjelpemiddel til NAV hjelpemiddelsentral slik at din bustad blir meir tilrettelagt.
10 ting du bør tenkje på for å ha ein heim du og dine kan bu i:
- Eit uteområde i plan med inngangspartiet
- Enkel og trinnfri adkomst frå parkeringsplass og inn i bustaden
- Alle nødvendige bruksrom på inngangsplan
- Golv utan tersklar mellom rom
- Romsleg bad
- Praktiske romløysningar slik at det er enkelt å orientera seg
- Flater inne som er lette å halde reine
- Nok røykvarslarar slik at du og dei andre i familien høyrer lyden også når dei søv
- God belysning
- Stikkontaktar i benkehøgde
Nyttige leker:
På desse nettsidene finn du mange råd og tips til ein god alderdom:
Hjelpemiddel du kan kjøpe sjølv
Viste du at du kan gå til innkjøp av enklare hjelpemiddel sjølv?
Stord kommune har liten kapasitet i forhold til etterspurnad om ergoterapitenesta. Grunna lang ventetid anbefalar me deg å sjå på mogleiken for å gå til innkjøp av til dømes desse hjelpemidla sjølv.
- Rullator
- Dusjkrakk
- Armlene til toalett
- Krykker
- Småhjelpemiddel til kjøkken
- Samtaleforsterkar / lydforsterkar
- God kvilestol
Hjelpemidla kan du blant anna kjøpe på ditt lokale apotek, bestille på nettsida til apoteket eller i nettbutikar for hjelpemiddel. Samtaleforsterkar/lydforsterkar kan du kjøpe på din lokale elektronikk butikk. I din lokal møbelbutikk kan du kjøpe ein god kvilestol.
Råd for val av god kvilestol
Ein funksjonell kvilestol er ein stol som er god å reisa seg frå. Her er nokre sjekkpunkt som det er lurt å passa på:
- Gode armlene: Armlena på stolen må vera faste og gode å støtta seg til, slik at personen får godt tak til å støtta seg under oppreising.
- Høg stol: 90-graders vinkel i kne og hofte. Gjer det enklare å reisa seg opp.
- Høg rygg: Skal personen kvila i stolen er det bra med høg rygg. Det kan vera greitt om den har regulering, enten med hendel eller trinnlaus regulering bakover.
- Fotskammel: Enten laus eller integrert i stolen.
- Sikker oppreisning: Stolen må ha fast base. Du må kunne låsa stolen om den har svigfunksjon.
Døme på gode stolar som er enkle å reisa seg opp frå:
Døme på stolar som er vanskelege å reisa seg opp frå:
Kostnad
- Tenesten er gratis.
- Gruppetilbod har ein kostnad på 327 kr for heile perioden.
- Om du uteblir frå timen utan varsel 24timar før, blir du fakturert 300kr for manglande oppmøte. Ved akutt sjukdom, gi beskjed snarast råd.
Prioriteringsnøkkel
Prioritet | Eksempel |
---|---|
Prioritet 1 Maksimal ventetid er 7 dagar. Rask intervensjon vert vurdert å ha særleg stor betyding for at brukaren kan oppretthalde primærfunksjonar og lindring. |
|
Prioritet 2 Maksimal ventetid er 14 dagar. Tidleg intervensjon vert vurdert å ha stor betyding for at brukaren kan gjenvinne, oppretthalde eller utvikla/betra funksjons- og meistringsevne. |
|
Prioritet 3 Maksimal ventetid er 30 dagar. Intervensjon er forventa å ha betyding for at brukaren kan oppretthalde eller utvikle/betre funksjons- og meistringsevne. |
|
Prioritet 4 Maksimal ventetid er 90 dagar. Intervensjon er forventa å ha betyding for brukaren sin funksjons- og meistringsevne. Det anses som fagleg forsvarleg at intervensjonen vert planlagt fram i tid. |
|
Gruppetilbod
Handtreningsgruppe
- Oppstart av gruppetilbod ved behov
- Handtreningsgruppe er dømesvis for deg som har fått ein skade og har behov for opptrening, for deg som har revmatiske sjukdommar og har behov for jamleg vedlikehald av handfunksjon eller for deg som har behov for opptrening/vedlikehald av handfunksjon som følge av andre årsaker.
Besøkstid
Eining for aktivitet og re/habilitering har innført at besøkjande til Stord kommunale rehabiliteringssenter må ha avtale med tenesteytar.
Har du ein beskjed eller melding som påverkar behandling og besøk, ber me deg nytte Helsenorge.no.
Er du ny brukar Send elektronisk søknad til kommunen om «kommunale helse- og omsorgstenester»
Har du behov for kontakt med våre tenester på telefon, gjer du det via Fellestenester på telefon 53 49 66 00.
Me ynskjer å gi den beste kvaliteten på tenestene våre. Ved å innføra avtale for besøk får tilsette betre tid til å gje brukarane våre gode tenester ved at ein unngår stadige avbrot i arbeidsdagen. Me handterer personsensitive opplysningar i våre lokale og tiltaket førebyggjer også brot på personver.
Dømer på ergoterapitenester
Aktivitet i dagliglivet (ADL): Rådgivning ifht småhjelpemiddel, mestringsstrategiar ifht påkledning, måltid og stell.
Handfunksjon: Grepsvurdering/ finmotorisk vurdering, vurdering av handskrift (klipping, limning og fargelegging), praktisk og målretta trening for å auke funksjonsnivå.
Aktivitetsregulering og energiøkonomisering: Balanse mellom aktivitet og kvile.
Bustadtilpassing: Tilkomst bustad/rampe, omgivelseskontroll, bad/dusj/badekar/toalett/stellebord, seng, takheis/annen heis, hev/senkbare innredninger.
Bustadrådgivning: Bustadkartlegging, samarbeid husbank/entreprenører/arkitekt.
Bil og biltilpassing: Kartlegging og utforming av funksjonsvurdering til bil. Førebu saker til bilkontoret på nav. Bilsete, grep, gir og andre tilpassingar.
Ergonomi: Skrivebordsplater/underarmsstøtte, skrivebord, arbeidsstol.
Kommunikasjon/kognisjon/varsling: talehjelpemiddel, hukommelseshjelpemiddel, hjelpemiddel for planlegging og strukturering av dagen, flexiblinkanlegg og IR-anlegg til TV ifht hørselshemma, kalendrar.
Forflytningshjelpemiddel: Elektrisk og manuell rullestol mm.
Aktivitetshjelpemiddel: Sansestimulerande leiker, husker, kjelke/akebrett, sykkel.
Barnehage/skule/avlastning: Tilpassing av omgivelsene i samarbeid med personalet
Demensteam: Bidrar i demenskartlegging og tilrettelegging for heimebuande med demens, og deira pårørande.
Sansetap: Tilrettelegge for syn- og hørselshemma. Kompensere for synstap med hjelpemiddel. Samtalar med andre instansar til dømes syns og audiopedagogisk teneste (Sapt)
Førebyggande heimebesøk: Besøk til alle 78 åringar. Samarbeid med brann og sjukepleiar.