Kva er Den kulturelle spaserstokken?
Stord kommune ønskjer at kulturopplevingar skal vera ein del av kvardagen til eldre og personar med bistandsbehov. Gjennom arrangement i Den kulturelle spaserstokken kan denne gruppa få oppleva kunst og kultur på eit høgt profesjonelt nivå fleire gonger i året.
Kven er målgruppa til Spaserstokken?
Tiltaka i Stord kommune rettar seg særskilt mot dei som har vanskar med å sjølve oppsøka kulturelle tilbod, som bebuarar på dei offentlege omsorgsinstitusjonane.
Korleis er Spaserstokken organisert?
Realisering og utvikling av den kulturelle spaserstokken skjer i eit nært samarbeid mellom omsorgssektoren og Eining for kultur. Ein representant frå Eining for kultur er ansvarleg for å koordinera og samarbeider med omsorgstenestene om programinnhaldet. Arrangementa er finansiert av fylkeskommunal tilskotsordning og kommunal finansiering.
Program
Program for hausten 2024, med atterhald om endringar:
Utøvar | Dato | Tid | Stad |
«Allsong med rørsle» med dansar Karoline Frederich | Onsdag 21. august | Kl. 11.00 | Foajeen Kulturhuset |
Kl. 13.00 | Buneset | ||
«Små og store sommarminne – song poesi og forteljing» med Camilla Ruhs frå biblioteket og Cecilie Anna Rønhovde | Onsdag 11. september | Kl. 10.50 | Knutsaåsen |
Kl. 11.50 | Stord sjukeheim | ||
Onsdag 18. september | Kl. 10.50 | Buneset | |
Kl. 11.50 | Blåbygget | ||
Trio Fest – gitar og cello, med «blanda drops». Tom Stien, Sindre Sortland og Jarle Kristoffersen | Fredag 25. oktober | Kl. 10.50 | Stord sjukeheim |
Kl. 16.00 | Knutsaåsen | ||
Førjulskonsert med Gunhild Rolfsnes og gitarist | Onsdag 27. november | Kl. 10.50 | Blåbygget |
Kl. 11.50 | Buneset | ||
Julekonsertar med Tenorane | Onsdag 11. desember | Kl. 10.45 | Stord sjukeheim |
Kl. 11.45 | Knutsaåsen |
Ønskjer du å vera utøvar i Spaserstokken?
Profesjonelle utøvarar kan levera kunstnarlege tilbod til Den kulturelle spaserstokken i Stord kommune via skjema under. Tilboda vil bli vurderte fortløpande.
Skjema for tilbod til Den kulturelle spaserstokken i Stord kommune.