Jordmortenesta er del av helsestasjonstenesta i kommunen. Me har tilbod for gravide, barselkvinner/par og nyfødde spedborn. Den gravide står fritt til å velje oppfølging hjå jordmor eller fastlege. Me tilrår å kome til ein rettleiingssamtale med jordmor tidleg, og deretter følgje svangerskapsprogram.

Me rår til:

  • å ta kontakt med jordmor veke 6-8 for ein livsstilsamtale og informasjon om svangerskapsomsorga.
  • å ta ein legetime veke 13 for blodprøvar og helsesjekk. 
  • ultralyd hos spesialisthelsetenesta i veke 18.
  • Treff for gravide og barselgrupper etter behov.

Me tilpassar oppfølging etter risikovurdering og individuelle behov. Målet er å styrkja det som bidrar til god helse, meistring og normal utvikling i svangerskapet, og å avdekke risiko slik at tiltak vert sett inn i rett tid.

Gjennom helsekontroll, helsesamtale, råd og rettleiing vil me gi støtte i svangerskap, fødsel og tida med det nyfødde barnet. Dette er ei viktig tid i livet der glede og forventning er stor. Me vil gjerne bidra med kunnskap, og møte den gravide på dei tankane ho har i situasjonen. Vår erfaring er at dette er ei tid der ein kan ha behov for nokon å snakke med, særleg dersom livssituasjonen er krevjande og bekymring og uro forstyrrar. Tema kan vera: livsstil, fysisk og psykisk helse, fødsel, barseltid, amming, tilknyting til barnet og å forstå barnet. Støttesamtale kan gis om graviditet er ei utfordring og gir ambivalens/skaper uro for fødsel.
 

Jordmortenesta kan tilby hjelp til familieplanlegging og val av prevensjon.

Svangerskapsomsorga er gratis