I 3. etasje på Stord kommunale rehabiliteringssenter ligg dagrehabilitering. Avdelinga gjev tilbod om tverrfaglig rehabilitering individuelt eller i gruppe. Målet er å auke eller vedlikehalde funksjonsnivå, slik at ein kan meistre å vera aktiv i eigen kvardag.

Overordna mål for tenestene i Eining for aktivitet og re/habilitering

  • Fleire er sjølvstendige og aktive i heim, arbeid, skule, barnehage og fritid.
  • Me er brukarorienterte og  legg til rette for at den enkelte får brukt sine fysiske og psykiske ressursar
  • ​Fleire bur trygt og lenge heime der ein har føresetnader for å ta ansvar og gode val for eige liv 
  • Me skal, saman med brukar, utvikle  framtidsretta tenester
  • Me skal spørje om «Kva som er viktig for deg?» når det gjeld behandling, omsorg og iverksetjing av rette tiltak for å møta  brukar og pårørande sine behov
  • Me skal bidra til å utvikla heilhetlige pasientforløp og styrka brukaren si oppleving av meistring og involvering
  • Me tilbyr god kvalitet på tenestene innafor gitte rammer
  • I Eining for aktivitet og re-/habilitering har me eit trygt, positivt, ivaretakande og opent arbeidsmiljø
  • Me viser kvarandre respekt og gjev kvarandre konkrete attendemeldingar
  • Me skal vera ein kunnskapsorganisasjon som legg til rette for læring og kompetanseauke i det daglege arbeidet
  • Me gjev nytilsette og personar under utdanning gode læresituasjonar og fagleg rettleiing av høg standard