Å ha nullutslepp av klimagasser vil sei at opptak er lik utslepp av klimagasser. Med klimagass meinast karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O). Desse klimgassane bidreg til ein auka drivhuseffekt i atmosfæren. For å få ein felles måleverdi vert måleeininga CO2-ekvivalenter nytta. Dette gjer at det er eit felles mål for kor mykje ulike klimagassar bidreg til oppvarming av atmosfæren.
Klimagassutslepp i Stord kommune
Innanfor dei geografiske grensene til Stord kommune har Miljødirektoratet data som dei publiserar årleg. Utslepp av klimagassar på Stord - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no) Vestland fylkeskommune har òg laga ei oversikt over klimafotavtrykket til Vestland fylkeskommune
Dei samla utsleppa innanfor dei geografiske grensene til Stord kommune er omtrent 65 000 t CO2 ekvivalenter. Dei største utsleppskjeldene er knytt til 1. sjøfart, 2. vegtransport og 3. anleggsmaskiner og liknande.
Korleis redusera utslepp
Å redusera utsleppa av klimagasser ned til at utslepp skal vera lik opptak inneber eit samarbeid mellom offentlege styresmakter, næringsliv, innbyggjarar og frivillige organisasjoner. Kommunen jobbar no med å få ei oversikt over klimagassutslepp, og å sjå på kva tiltak som kan gjennomførast og kva tiltak som skal prioriterast.