Dei årlege skadekostnadene på grunn av overvatn er rekna til mellom 1,6 og 3,6 milliardar kroner (1). Samfunnsutviklinga med auka urbanisering og klimaendringane bidrar til å auke skadeomfanget. Handtering av overvatn gjennom planlegging etter plan- og bygningslova er eit kommunalt ansvar. Denne rettleiaren er laga for å støtte kommunane i arbeidet med å førebygge skadar frå overvatn i arealplanlegging.
Overvatn
Overvatn er avrenning på overflata som følge av nedbør eller smeltevatn.