Sivilforsvaret har per i dag ikkje varslingsanlegg på Stord. Hordaland Sivilforsvarsdistrikt har ei kvote på 67 tyfonanlegg for varsling av befolkning. Plassering av desse vart bestemt i 2002 i samarbeid med dåverande Fylkesmann, fylkesberedskapsråd, Sivilforsvaret og forsvaret.

Stord kommune har kontakta Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) for å avklara om ein bør oppretta varslingsanlegg med Tyfon i kommunen på ny.