Korleis er eit rehabiliteringsopphald i dagrehabilitering?
Målgruppa er personar som har hatt eit brått eller gradvis funksjonsfall. Søkjar må ha behov for intensiv rehabilitering i tilrettelagte trenings- og terapilokale, og ha behov behov for bistand frå fleire faggrupper for å nå måla sine.
Rehabiliteringsopphaldet tek utgangspunkt i «Kva er viktig for deg?» Me jobbar saman med deg mot eit avklart mål som til dømes kan vere:
Betre balanse – fallførebygging - betre gangfunksjon – vedlikehalde eller auke funksjon i alderdommen - gjenvinne funksjon etter sjukdom og skade - fokus på ernæring – gjenvinne tryggleik - gjenopprette sosialt nettverk - meistre kvardagen - språktrening- betre stemmestyrke
Søknaden vert tverrfagleg vurdert. Om ein oppfyller kriterier for opphald vil ein får eit tilbod, enten som individuell oppfølging eller i gruppe.
Individuell oppfølging: Opphaldet mandag, onsdag og fredag i fire veker. Trening vert tilpassa individuelt for deg som har fått eit brått funksjonsfall/sjukdom eller som treng individuell bistand i ein periode med trening. Du får tverrfagleg oppfølging av fysio- og/eller ergoterapeut og helsefagarbeidar. Samarbeid med logoped vert oppretta ved ved behov, men krev henvending frå din fastlege i forkant av opphald.
Gruppetrening: Opphaldet tysdag og torsdag i seks veker. Eit tilbod til deg som kan trene i gruppe med fysioterapeut. Aktuelt for deg som treng å trene styrke og balanse for å vere trygg og sjølvstendig i kvardagen.
For at du skal ha nytte av dagrehabilitering er motivasjon for trening viktig.
Du vil måtte samarbeide og delta aktivt i treninga for å nå dine mål.
Praktiske opplysningar du treng å vita før eit opphald
Du må kunne forflytte deg mellom heimen din og Stord Kommunale Rehabiliteringssenter anten for eiga hand, eller ved å nytte eige transportmiddel. Du kan bli vurdert til å få taxi via Pasientreiser, noko som medfører eigenandel inntil frikort.
Eigenbetaling for dagrehabilitering dekkjer måltida og vert fakturert etter gjeldande sats i Kommunale avgifter og gebyr.
Du møter i klede og sko som passar til trening. Evt badetøy og hygieneartiklar til dusj tek du med om du skal nytte bassenget. Ved vasslatingsplager må ein ha spesialtilpassa badetøy.
Ta ikkje med eigedelar av stor verdi. NB! Private eigedelar vert ikkje forsikra av kommunen.
Ta med deg dei hjelpemidla du har som du nyttar i kvardagen. Dette kan vere rullator, rullestol, hørselshjelpemidlar osv.
Dagsrytme
09:00-09:20 Frukost
09:30-11:30 Trening med fysioterapeut, aktivitet/eigentrening
11:30-12:00 Lett lunsj og pause
12:00- 13:30 Fellestrening, eigentrening
13:30 Middag
14:15 Avsluttar dagen
Korleis søkje plass
Du kan søkje via søknadsskjema:
- Elektronisk skjema for søknad om dagrehabilitering
- Søknad om dagrehabilitering i pdf
Du kan henvende deg via dei tenester du allereie har td Heimebaserte tenester, kommunal fysio- eller ergoterapi, eller du kan ta direkte kontakt med avdelinga.
Teieplikt: Dei tilsette har teieplikt om personopplysningar.
Kontakt oss
Telefonnummer direkte til avdelinga: 90 27 33 65
Avdelingsleiar - Tonje Hovland:
48 18 98 21
Einingsleiar: Kristin Steinsland
Prioriteringsnøkkel
Prioriteringsnøkkel individuelt tilbod
Prioritering | Eksempel | Max. ventetid |
Prioritet 1: Desse må vurderast for behov for forlenging av opphald. | Personar som treng intensiv rehabilitering etter sjukdom/skade. T.d. hjerneslag og brot. | 6 veker |
Prioritet 2: Som hovudregel vert ikkje desse tilbudt forlenga opphald.
| Personar som pga sjukdom/skade har fått gradvis funksjonsfall. Har auka behov for hjelp i heimen, og kan utsette /redusere behov for helseteneste i heimen. Nye brukarar av tenestene vert prioritert over kjende der ein elles stiller likt. Ukjende brukarar treng meir omfattande kartlegging. | 12 veker |
Prioritet 3: Som hovudregel vert ikkje desse tilbudt forlenga opphald. | Personar som har behov for eit opphald på dagrehabilitering 1 gang i året for å få eit løft, slik at dei kan vedlikehalde dei funksjonane som trengs for å kunne bu heime.
| 52 veker |
Prioriteringsnøkkel gruppetilbod
Prioritering | Eksempel | Ventetid |
Prioritet 1:
Nye brukarar av tenestene
| Brått funksjonsfall med behov for intensiv styrke- og balansetrening i gruppe t.d etter akutt sjukdom eller skade. Brukarar som ikkje har vert på Dagrehabilitering før og treng eit fysisk løft. | 12 veker |
Prioritet 2: | Personar som har behov for eit opphald på dagrehabilitering 1 gang i året for å få eit løft, slik at dei kan vedlikehalde dei funksjonane som trengs for å kunne bu heime. | 52 veker |