Asylmottak, hospits, campingplassar og forsamlingslokalar

For å sikra innbyggarane mot faktorar i inne- og utemiljøet som kan verka negativt inn på helsa, har ein del verksemder meldeplikt til kommunen før oppstart og ved vesentlige utvidingar eller endringar.

Dette gjeld mellom anna asylmottak, hospits, campingplassar og forsamlingslokalar.

Dersom det er tvil om oppstart eller endring i verksemda skal meldes, ta kontakt med kommunelegen. 

Meldeplikta er heimla i § 10 i Folkehelseloven og § 14 i Forskrift om miljørettet helsevern.

Badeanlegg, bassengbad og badstu

Badeanlegg (inkludert bassengbad, badstover og boblebad) som er tilgjengeleg for ålmenta skal meldast til kommunen før de blir tekne i bruk, eller ved endringar i drifta. 

Melding skal innehalde opplysningar om alle tilhøve som kan verka inn på helse, hygiene eller tryggleik for brukarane. For boblebad spesielt skal meldinga mellom anna innehalde opplysningar om boblebadet si utforming og modell/type.

Badeanlegg skal ha tilfredsstillande helsemessige og hygieniske tilhøve. Dei skal være utforma slik at ulykker blir førebygga. Personellet skal ha opplæring i personsikkerheit og det skal utarbeidast instruksar for brukerane. I bassengbad skal det bli teke jamnlege prøver av vasskvaliteten.

Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu m.v.

Frisør-, hudpleie-,tatovering- og hulltakingsverksemd

Lokalar og utstyr i tatoverings- og hulltakingsverksemder skal godkjennast av kommunen. Forskriftene om hygienekrav har til føremål å sikra tilfredsstillande hygieniske tilhøve og forebyggja overføring av smittsomme sjukdommar ved verksemda. Frisør- og hudpleieverksemder må oppfylla de samme hygienekrava, men trenger ingen godkjenning. Verksemda må meldast til kommunen ved oppstart, ved utviding eller ved vesentlege endringar.

Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet m.v.

Hygienesertifikat for skip (Ship Sanitation Certificates (SSC))

Næraste autoriserte hamn for utsteding av hygienesertifikat er i Haugesund.

Kontaktinformasjon: Haugesund kommune, sentralbord +47 52 74 30 00

E-post: postmottak@haugesund.kommune.no

Meir informasjon om hygienesertifikat for skip

 

Ship Sanitation Certificates (SSC)

Nearest authorized port is in Haugesund municipality.

Contact information: Haugesund municipality, tel +47 52 74 30 00

E-mail: postmottak@haugesund.kommune.no

Information in English

Private brønnar og vassverk, vasskvalitet

Alle innbyggarar i Stord skal ha sikker vassforsyning med tilfredsstillande vasskvalitet. Sjølv om store delar av Stord har offentleg vassforsyning, er det framleis mange som får vatn frå mindre, private vannforsyningar.

Tilsynsmynde for drikkevatn er Mattilsynet, men kommunen kan også føre tilsyn etter Folkehelseloven og Forskrift om miljørettet helsevern.

Mattilsynets informasjonsside om brønnvatn
Drikkevannsforskriften

Plan- og bygningsloven § 27-1 Vannforsyning

Radon

Radon er ein usynleg og luktfri gass, som lagast kontinuerleg i jordskorpa. Utandørs vil radonkonsentrasjonen normalt vera låg, og helsefare oppstår fyrst når gassen siv inn  i vårt innemiljø.

Radon i inneluft aukar risikoen for lungekreft. Risikoauka blir bestemt av kor lenge ein blir utsett for radon og  kor høgt radonnivået er. Det er enkelt å måle radon, og dersom radonnivåa skulle vise seg å vera for høge, finnst det effektive radonreduserande tiltak.

I skular, barnehagar og utleigebustadar som er omfatta av Strålevernforskriften, er det bindande krav til radonnivåa. Når det gjeld andre bygningar tilrår Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet at dei skal ha så lågeradonnivå som praktisk mogleg og innanfor tilrådde grenseverdiar. Tiltaksgrense er 100 Bq/m3 og øvre grense 200 Bq/m3.

Radoninformasjon på nettsidene for Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

Skadedyr- rotter og mus

Skadedyr er dyr som kjem i konflikt med menneskelege interesser. Døme er dyr som ødelegg treverk, matvarer eller tekstilar, samt dyr som sug blod eller spreier smitte.

Kommunen kan påleggja bustadeigarar og verksemder å setja i verk tiltak mot skadedyr jamfør Forskrift om skadedyrbekjempelse (Skadedyrforskriften). 

Rottar og mus trivast overalt der menneske er. Dei har eit større potensiale enn til dømes skadeinsekt for å gjera stor skade og spreie smitte til eit større område. 

Forskrift om skadedyrbekjempelse

Informasjon, rettleiing, melding og klage

Det er mykje god informasjon på internett om skadedyr, førebygging og tiltak.

Folkehelseinstituttet - skadedyr generelt og lenkar til relevant informasjon

Folkehelseinstituttet - Skadedyrrettleiaren

Rotte - Førebygging og tiltak

Tekniske tenester, avdeling for vatn og avlaup ønskjer direkte melding frå innbyggarane om rotteobservasjonar. Dette kan gjerast på e-post til post@stord.kommune.no eller vakttelefonen 97 55 22 22 slik at desse kan samlast og følgjast opp ved fleire frå same område.

Barnehage, skule og skulefritidsordning

Kommuneoverlegen er delegert ansvaret for godkjenning og tilsyn med barnehagar og skular i kommunen etter Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger - Lovdata Det er verksemdene sjølv som må sørge for at krava i forskrifta til einkvar tid er oppfylt.

Før oppstart av drifta skal verksemda vere godkjent av kommunen. De må difor søkja om godkjenning når det føreligg plan for etablering, utviding eller endring av verksemda.

Helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger - Helsedirektoratet

Søknad om godkjenning (miljøretta helsevern)

Solarium

Forsking har vist at solariumbruk inneber auka risiko for føflekkreft, særleg når bruken startar i tidleg ungdom og ved langvarig og hyppig bruk. Statens strålevern rår frå bruk av solarium for å bli brun.

18 års aldersgrense

Frå 1. juli 2012 er det ikkje lov å tilby solarium til personar under 18 år, og solariumverksemdene skal informera kundane om forbodet på ein effektiv måte.

Nye krav

Frå 1. januar 2016 gjeld nye krav om alderskontroll og krav om bestått kunnskapsprøve. Verksemda må sørgja for eit tilfredsstillande system for alderskontroll, og ansvarleg for dagleg drift og tilsette med kundekontakt skal ha greidd kunnskapsprøve. Her finner du mer om kunnskapsprøven.

Melding og tilsyn

Lokalar som nyttast til solarium er omfatta av Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet m.v. Forskrifta sitt føremål er å sikra tilfredsstillande hygieniske tilhøve og forebyggja overføring av smittsomme sjukdommar. Lokalar som nyttast til solariumverksemd skal meldast til kommunen før dei blir teke i bruk. 

Kommunane er i tillegg delegert mynde frå Strålevernet til å føra tilsyn med solarier og gjera naudsynte enkeltvedtak i høve til Forskrift om strålevern og bruk av stråling. Denne forskrifta har og krav om meldeplikt for verksemder som tilbyr solarium for sal, utleige eller til kosmetisk føremål. Melding i høve denne forskrifta skal sendast Statens strålevern.

Statens strålevern har utarbeidd eigen informasjon til solstudioeigarar og verksemder som tilbyr soltimar. Meir informasjon om kva rør og solsengar som er tillatne kan du finne på Strålevernets nettsider.

Klage

Dersom verksemda er i strid med krava til helsemessig forsvarleg drift, kan kommunen gi pålegg om konsekvensutredning, retting, tvangsmulkt eller stans av verksemda, jf.Folkehelselova kapittel 3

Du kan klage på enkeltvedtak om pålegg innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er ikkje er nøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Om du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Opprettheldt kommunen si avgjerd, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følgje.