Kontaktlinser, eingongsklutar, q-tips, bind, tampongar, truser... Ingenting av dette skal i do.
Boss i toalettet fører til meir plast i havet, skader livet i sjøen, forsøplar strender og øydelegg røyr og avlaupspumper.
Boss som tetter til i røyra dine kan også gi deg store utgifter, og kloakk i kjellaren.
Ha ei bossbøtte på badet med pose i, så er det lett å kasta bosset der.
Dette skal ikkje i do
- Q-tips
- våtserviettar
- feitt
- plastfolie
- tampongar og bind
- kontaktlinser
- eingongsklutar
- sminkefjerningspad
- kondomar
- truser
- filler
- tanntråd
- hår og lo
- snus og sneip
I tillegg til at avlaupsrøyr blir tette, bidrar du også til at store mengder plast hamnar i havet. Mange av produkta som havnar i toalettet inneheld store delar plast, som våtserviettar og eingongsklutar, sanitærartiklar og emballasje til desse, sigarettsneipar, linser og tanntråd. Me må unngå at slikt boss hamnar i havet og bryt ned til mikroplast.
Tette avlaupsrøyr
Kloakken i avløpsrøyra passerer avlaupspumper, som pumpar det vidare mot reinseanlegget. Men nokre gonger må avlaupsvatnet gå ut i sjøen i det me kallar overlaup. Då følgjer ofte boss me kastar i do med til havs.
Vatnet går i overlaup når
- det er meir vatn i røyrene enn avlaupsnettet kan ta unna, for eksempel når det regnar mykje.
- røyrene går tette av boss og feitt.
- eingongsklutar og anna boss viklar seg inn i avlaupspumper og stoppar dei.
Slike overlaup til sjøen er viktige tryggleiksventilar. Dei hindrar at kloakken ikkje vert sendt tilbake i røyrene og hamnar i kjellarar. Der skaper den helseproblem og andre problem for folk.
Det kan ta frå nokre timar til mange dager før pumpa er reparert og overlaupet er stoppa. I verste fall må den bytast ut. Stord kommune har over …. pumpestasjonar som transporterer avlaupsvatnet der det skal. Ditt gode dovett er med på å halde dei i drift.
Det finst i dag mikroplast i både sjødyr, fisk og fugl, fordi me menneske forureinar sjøen – vårt eige matfat gjennom alle tider.
Avlaupsgebyret aukar
Drift av vatn- og avlaupsnettet i kommunen er finansiert av gebyr.
Avlaupspumper som vert øydelagt, avlaupsrøyr som må reinskast og boss som må fjernast frå pumpestasjonar, gir kommunen ekstra utgifter.
Det bidrar til å auka avlaupsgebyret, som alle huseigarar betalar.