Dersom resultatet av handsaminga vert avslag eller, det i løyve er sett vilkår du er ueinig i, kan du klage på vedtaket.
Klage på vedtak
Fristen for å klage er 3 uker frå du mottok melding om vedtaket. Klagen må vera postlagt før fristen går ut.
- Klagen må vera skriftlig og grunngjeven
- Me vurderer klagen først og kan endra vedtaket vårt
- Dersom me ikkje er einige i klagen din vert den lagt fram for politisk handsaming, og sendt til fylkesmannen dersom utvalet er einig med administasjonen
- Fylkesmannen avgjer klagen
Kva skal klagen innehalde?
- Kva vedtak du klagar på
- Den eller dei endringar du ønskjer
- Grunngjeving for klaga
- Eventuelle andre opplysningar som kan ha noko å seie for vurdering av klagen
Send klagen til:
Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
E-post: post@stord.kommune.no