Kort forklart

  1. Ta forholdet først direkte opp med leiinga i barnehagen. Dette kan vera pedagogisk leiar eller styrar. 
  2. Gjeld det generelle forhold kan du også ta det opp med barnehagen sitt samarbeidsutval. 
  3. Ønskjer du å gå vidare med klage eller bekymringa, kan du ta kontakt med barnehagemynde i Stord kommune.

Om du ikkje er nøgd med tilbodet må du først ta dette opp med pedagogisk leiar og/eller styrar i barnehagen. Det er leiinga i barnehagen som har ansvar for tilbodet, og som skal samarbeida med alle foreldra.

Generelle forhold kan du ta opp med barnehagen sitt samarbeidsutval (SU). Alle barnehagar har eit samarbeidsutval med representantar frå foreldre og tilsette i barnehagen, og eventuelt barnehageeigar.

Døme på tema som kan være bakgrunn for klage

  • Bekymring knytt til om barnet ditt har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø
  • Manglande pedagogisk innhald
  • Vanskeleg samarbeid med barnehagen
  • Stor utskifting av personale over tid

Dersom saka ikkje vert løyst i barnehagen, kan forhold som er regulert av barnehagelova rettast til kommunen sitt barnehagemynde. Det er barnehagemynde som skal sjå til barnehagane følgjer barnehagelova med forskrifter. Innhaldet i klaga vert formidla til barnehagen når barnehagemynde undersøkjer saka.

Korleis kan du klaga?

Du kan gjerne ringja først dersom du ynskjer å drøfta saka, men me ynskjer skriftlege klager. 

Klaga kan sendast til Stord kommune, postboks 304, 5402 Stord, eller digitalt via e-Dialog.

Kva skjer med klaga?

Når barnehagemynde mottek klage/bekymring, vert det først vurdert om innhaldet er omfatta av barnehagelova med forskrifter. Saksgang følger Forvaltningslova sine prinsipp.

Er det slik at klaga inneheld teiingspliktig informasjon, vert saka unnateke offentlegheita. Dette hindrar ikkje at ho kan koma i media, men all sensitiv informasjon vert fjerna. Vurderer barnehagemynde å føra tilsyn, har barnehagen som part i saka rett til å verta gjort kjent med innhaldet i klaga. Etter tilsynet mottek barnehagen ein rapport. Dersom det vert avdekka brot på barnehagelova og forskrifter, vil barnehagen få varsel om pålegg om retting. Den som klagar vert orientert om utfallet av saka.