Føremål
Føremålet med tilskotsordninga er å minimalisera tapet av verneverdige kulturminne, ved å verdsetja og forvalta verneverdige kulturminne i tråd med nasjonale og regionale mål. Ordninga skal stimulera til auka innsats på kulturminnefeltet og styrka vern av prioriterte kulturminne av lokal og regional verdi.
Kva kan du søkja om tilskot til?
Du kan søkja om tilskot til restaurering eller tiltak på faste kulturminne i Vestland.
Kven kan søkja?
Alle private eller organisasjonar som er eigarar eller forvaltar eit fast kulturminne, med unntak av offentlege instansar.
Søknadsskjema
Søknadsskjema for kulturminne er tilgjengeleg frå 26. november til 20. januar.
Søknadsfrist er 20. januar. Søknadar får svar innan juni månad.