Sinneterapi er eit tilbod til kvinner og menn som har problem med å finne akseptable  reaksjonsformer i høve valds- og aggresjonsproblem. 
Hjå oss møter du behandlarar som har god kjennskap til denne problematikken og er utdanna sinnemeistringsterapeutar.
I tillegg til at det kan være til hjelp for den enkelte, vil det også kunne bidra til auka livskvalitet for øvrige familiemedlemmar.  
På kurset vil du:
•    Lære tenlege måtar å regulere sinnet på.
•    Bli betre kjend med deg sjølv.
•    Lære kva vald og sinne er.
•    Bli kjend med andre som har det som deg.

Tilbodet og kursmateriell er gratis. Gruppa har plass til 6 deltakarar.
Kurset startar opp i februar og det vil vera eit møte i veka over ca. 15 veker avhengig av kor mange deltakarar som deltek. Kursdagar vert onsdagar kl 13.00-15.00. 
For meir informasjon, sjå video her: https://dinutvei.no/film/sinnemestring-brosetmodellen-film/

Tenker du at dette kan vere noko for deg-  ta kontakt med:
Bodil Nesbø (97552124), Bente G. Tholvsen (99019023) eller Jostein Øgård (47629737) ev. Utekontakten@stord.kommune.no for meir informasjon og påmelding.