Kva er UKM?
UKM er ein festival og møtestad for ungdom mellom 13 - 20 år. Her kan du visa fram alle typar av kreative uttrykk som du driv med. Enten det er song, fotokunst, cosplay, moderne dans, gaming, performance og så vidare. Tenkjer du at "dette har eg lyst til å dela med nokon andre", så er UKM den perfekte staden.
Det finst tre ulike nivå av UKM-festivalar:
1) På lokalt plan i din eigen kommune (13 - 20 år)
2) på fylkesplan - UKM fylkesfestival (13 - 20 år)
3) nasjonalt - UKM landsfestival (15 - 20 år)
UKM Norge sine nettsider.
Kva tid er UKM?
UKM føregår på våren. Vanlegvis er den lokale festivalen i perioden januar til mars. Fylkesfestivalen er rundt april til mai, og landsfestivalen i juni månad.
Digitalt så er det lagt opp til ulike turneringar innan E-sport.
Blir det UKM på Stord?
UKM har dei siste åra vore arrangert i samarbeid mellom Bømlo, Fitjar og Stord. Dei siste åra har me opplevd at tal på deltakarar har gått kraftig ned og i 2022 var det så få deltakarar at det ikkje blei arrangert UKM i 2023 og 2024. Grunna kommunen sin økonomiske situasjon vil det heller ikkje bli arrangert UKM lokalt i 2025.
Eining for kultur har vore i dialog med Vestland fylkeskommune, som har ansvar for UKM på fylkesnivå. Fylket melder at det er mange kommunar som deler opplevinga at det vanskeleg å arrangere UKM på den tradisjonelle måten og at fleire ønskjer å leggja til rette for andre typar ungdomsarrangement.