Om Teaterfestivalen

Teaterfestivalen 2022 er avlyst, men vender for fullt tilbake i 2023,
24. - 26. mars i Stord kulturhus. 

Teaterfestivalen er ein viktig samlingsstad for barn og unge innan scenekunst i Vestland og Rogaland. Til vanleg er det over 200 unge deltakarar som viser framsyningar for kvarandre og deltek på workshop i løpet av ei tettpakka festivalhelg. Vestland fylke er økonomisk støttespelar for denne festivalen som blir arrangert av Stord teaterlag og Stord kommune.

Med lokal forankring og gode samarbeidspartar har ein sidan 1985 klart å byggja opp ein møteplass for teaterfolk der spelegleda alltid er i fokus! Ikkje minst er dette ein stad der alle som ynskjer det kan få stå på scena og vera ein del av det unike fellesskapet ein teaterproduksjon er.

Ei typisk festivalhelg ser slik ut (program 2019 i pdf)

Påmeldingsinformasjon

Elektronisk påmelding vil bli publisert på denne sida hausten 2022. Om det er første gong gruppa deltek så les gjerne spelereglar som du finn her. Detaljerte skjema (deltakarskjema og tekniske skjema) vil bli sendt ut per e-post etter at påmeldinga er motteken.

Teateringress2.jpg

Kven kan delta

Alle opne teatergrupper med utøvande deltakarar i alderen 7 til 20 år kan delta.

  • Stykket må vera premiereklart når det kjem til festivalen (kan evt. visa utdrag).

  • Scenografien skal vera festivalvenleg (raske sceneskift).

  • Speletid 20 - 75 minutt 

  • Kort riggetid 10 - 15 minutt (maks 20 minutt opprigg, 15 minutt nedrigg).

Teateringress3

Hos oss får du oppleva

  • Ei helg fullstappa av teaterstykker og ulike sosiale aktivitetar

  • Konsert, disco og teaterverkstadar/ workshops

  • Stor og god teaterscene

  • Erfarne, dyktige og kjekke teater- og dugnadsfolk

  • Hyggjelege og flinke teknikarar

  • Måltid heile helga og overnatting på sentral skule med vakthald

Og sjølvsagt, minner for livet!
x1024_2.jpg

Prisar

  • Festivalpakke 1: kr 900,-

    • Alle måltid, aktivitetar og framsyningar

  • Festivalpakke 2: kr 650,- 

    • Alle måltid, aktivitetar, framsyningar (utan overnatting)

FRIKVOTE: Vaksne leiarar og frivillige har gratis deltaking (maks 4 vaksne per gruppe)

Klikk her for påmelding!
xmon_1024_2.jpg

Påmeldte grupper 2019

Dei påmeldte gruppene som var med på festivalen i 2019 med 15 ulike teaterstykke. Teaterfestivalen 2020-2022 blei avlyst grunna koronasituasjonen.

-Askøy ungdomslag
-Global teater (Bergen kulturskole)
-Haugatun 2 & 3 (Bergen kulturskole)
-Haugesundscenen
-Ny Krohnborg (Bergen kulturskole)
-Skranevatnet ungdomsgruppe (Bergen kulturskole)
-Soria Moria
-Spinae Company
-Stord kulturskule
-Stord teaterlag
-Suldal kulturskule
-Åsatun 2 & 3 (Bergen kulturskole)
xmon4.jpg