Løyvehavar sine plikter og oppgåver

Å få tildelt kommunalt sals- eller skjenkeløyve utløyser mange lovpålagte plikter knytt til overhalding av alkoholregelverket.

Lista under er ikkje utømmande.

Vilkår knytt til løyvehavar av salsløyve

Det følgjer av alkohollova §§ 3-9  at tildelte salsløyve skal utøvast forsvarleg, og på ein slik måte at vilkår som er nemnt i løyvevedtaket, alkohollova og bestemminger gjeve i medhald av alkohollova til ein kvar tid er oppfylt. 

For å sikra forsvarleg utvøing og god kontroll med dei faste sals- og skjenekløyva i Stord kommune, er det vedteke følgjande vilkår:

1. Overordna stilling: Styrar og reservestyrar skal som hovudregel vera tilsett i 100% stilling. Ein person kan berre vera styrar/reservestyrar på ein stad.
2. Salstid: For å sikra ei forsvarleg utøving av salsløyva og letta gjennomføring av kontroll, vert det stilt vilkår om at alkoholhaldig drikke gruppe 1 skal vera betalt innan salstida er slutt.
3. Omsettingsoppgåve: Løyvehavar skal ved årsslutt, senda inn opplysningar om faktisk omsett mengd alkohol, med godkjenning frå revisor/rekneskapsførar. Seinast 31. mars påfølgjande år skal løyvehavar senda inn opplysningar om forventa omsett mengd alkohol for det inneverande året, jf. alkoholforskrifta § 6-3. Løyvegebyret skal betalast i samsvar med frist på fakturaen frå kommunen. Ved opphøyr skal det sendast inn sluttoppgåve til kommunen.
4. Redusera tilgjenge: Salsstaden skal ikkje sjølv leggja opp til tilbod eller aktivitetar som kan føra til auka kjøps- eller drikkepress, t.d. ølklubbar, abonnement på alkoholpakkar, eller liknande.
5. Rettleiingssamtalar: Styrar/reservestyrar for løyvet pliktar å delta i samtalar og møte, som Stord kommune kallar dei inn til.

Vilkår knytt til løyvehavar av skjenkeløyve

Det følgjer av alkohollova §§ 3-9 og 4-7 at tildelte skjenkeløyve skal utøvast forsvarleg, og på ein slik måte at vilkår som er nemnt i løyvevedtaket, alkohollova og bestemminger gjeve i medhald av alkohollova til ein kvar tid er oppfylt. 

For å sikra forsvarleg utvøing og god kontroll med dei faste sals- og skjenekløyva i Stord kommune, er det vedteke følgjande vilkår:

1. Overordna stilling: Styrar og reservestyrar skal som hovudregel vera tilsett i 100% stilling. Ein person kan berre vera styrar/reservestyrar på ein stad.
2. Kunnskapsprøve og e-læringskurs for tilsette: Tilsette som skjenker alkohol skal dokumentera kompetanse i kunnskap om regelverk - i form av bestått kunnskapsprøve i alkohollova eller ved gjennomført e-læringskurs i situasjonshandtering, jf. ansvarleg vertskap, Helsedirektoratet.no
3. Omsettingsoppgåve: Løyvehavar skal ved årsslutt, senda inn opplysningar om faktisk omsett mengd alkohol, med godkjenning frå revisor/rekneskapsførar. Seinast 31. mars påfølgjande år skal løyvehavar senda inn opplysningar om forventa omsett mengd alkohol for det inneverande året, jf. alkoholforskrifta § 6-3. Løyvegebyret skal betalast i samsvar med frist på fakturaen frå kommunen. Ved opphøyr skal dette meldast inn saman med ei sluttoppgåve.
4. Skjenketid: Løyvehavar pliktar å innretta drifta på ein slik måte at det ikkje kan reisast tvil om at skjenketida vert overhalden. Løyvehavar eller tilsette ved skjenkestaden kan såleis ikkje skjenke utover fastsett skjenketid, heller ikkje til seg sjølve.
5. Aldersgrenser: Løyvehavar pliktar å innretta drifta på ein slik måte at det ikkje kan reisast tvil om at løyvehavar overheld aldersgrensene.
6. Tilsette: Det skal til ei kvar tid vera mogeleg å enkelt skilja dei tilsette frå gjestene, t.d t-skjorter, forkle, eller liknande.
7. I arbeidstida: Det er ikkje tillate for tilsette å konsumera alkohol og/eller vera påverka av rusmiddel i arbeidstida.
8. Pengespel: Det er ikkje er tillate med nokon form for pengespel i lokale der det blir skjenka alkohol i Stord kommune.
9. Førebyggja overskjenking: Skjenkestaden skal ikkje leggja opp til tilbod eller aktivitetar som kan føra til auka drikkepress
10. Rettleiingssamtalar og kurs: Styrar/reservestyrar for løyvet pliktar å delta i samtalar og kurs, som Stord kommune kallar inn til.
11. Ulike skjenkelokale: Dersom same løyvehavar har ulike skjenkelokale, med ulike konsept eller aldersgrenser knytt til same løyve, skal lokala vera fysisk åtskilde frå kvarandre og ha separate inngangar og barområde.
12. Utvida skjenkeløyve ute: Utvida skjenkeløyve for eitt enkelthøve, utandørs, kan etter ei særskild vurdering bli gjeve for ein lengre periode enn 6 dagar for kulturarrangement på kommunal grunn, der det ikkje kan bli tildelt fast skjenkeløyve for ein del av året, t.d. i telt på torget.
13. Arrangement for barn og unge: Ved arrangement retta mot barn og unge under 18 år, skal arrangementet utøvast i samsvar med forskrift om politivedtekt i Stord kommune § 7-3, og det skal ikkje gå føre seg utskjenking av alkohol i skjenkelokalet, ein time før og ein time etter arrangementet.
14. Vakthald: Tal på vakter og tilsette må stå i forhold til talet på gjester. Dersom politiet finn det påkravd skal det haldast ordensvakter godkjent av politiet. Vakthald skal til ei kvar tid utøvast i samsvar med vaktverksemdslova eller lokal avtale med politiet.

 

Endring av styrar, reservestyrar eller i eigartilhøve

  • Endring av styrar og/eller reservestyrar:

Det følgjer av alkohohollova § 1-7c, at det for kvart løyve skal utpeikast ein styrar og ein reservestyrar/stedfortreder.

Løyvehavar på straks søke om godkjenning av ny styrar dersom styrer slutter.

I styrar sitt fråvær skal reservestyrar overta styrar sine plikter. Dersom reservestyrar slutter skal det utpeikast ein person som overtek reservestyrar sine plikter. 

Det er ikkje eit krav at styrar og reservestyrar skal vera tilstade på sals- eller skjenkestaden til ein kvar tid, med dersom begge er borte samstundes, skal det utpeikast ein annan person som overtek deira plikter.

 

  • Endring i eigartilhøve:

Det følgjer av  alkohollova § 1-10,  at løyvet fell bort ved overdraging av verksemda til ny eigar, eller ved overdraging av ein større aksjeandel til ny eigar, død, eller konkurs.

Særskilt ved overdraging: 

Skjenkeløyve: Det er regelverket knytt til serveringslova § 22 som gjeld for overdraging av skjenkestad. Dersom det vert søkt om nytt serveringsløyve seinast innan 30 dagar etter at det vart inngått avtale om overdraging, kan ny eigar likevel drive på tidlegar løyvehavar sitt løyve i inntil 3 månader. Gyldig avtale om overdraging skal følgje søknad, det skal også opplysast om frå kva tid sjølve overdraginga av drifta skal finne stad.

Salsløyve: Ny eigar kan likevel drive vidare på tidlegare løyvehavar sitt løyve i inntil 3 månader, dersom det vert søkt om nytt løyve utan ugrunna opphald, og seinast innan 30 dager etter overdraginga.

Ansvarleg vertskapskurs

I Stord kommune skal tilsette som skjenker ut alkoholhaldig drikke har dokumentert kurs i Ansvarleg vertskap dersom dei ikkje har kunnskapsprøve for skjenking. For løyvehavarar med nattløyve, skal alle tilsette som er på jobb, har slikt kurs.

Ansvarlig vertskap skal bidra til eit trygt og godt uteliv, og gjev kunnskap om alkoholregelverket og situasjonshandtering som er nyttig for dei som jobber i utelivsbransjen.

Ta kurset om ansvarleg vertskap hos Helsedirektoratet.

Det finnes også særskilte kurs for deg som ønskjer å arrangera festivaler, konserter eller andre større arrangement.

Innrapportering av omsett mengd alkohol

Det følgjer av alkoholforskrifta § 6-3, at løyvehavar ved årsslutt skal senda inn opplysningar om faktisk omsett mengd alkohol. Seinast 31. mars påfølgande år skal løyvehavar senda inn opplysningar om forventa omsett mengd alkohol for det inneverande året.

Løyvegebyret vert rekna ut frå forventa omsett mengd alkohol og skal betalast i samsvar frist på fakturaen frå kommunen.

Ved opphøyr skla det sendast inn sluttoppgåve til kommunen.

Internkontroll

Det følgjer av alkoholforskrifta kap. 8, at innehavar av kommunalt- sals og skjenkeløyve skal føre internkontroll i samsvar med løyvevedtaket, alkohollova og bestemmingar fastsatt i medhald av alkohollova.

Kravet gjeld for faste løyve, men kan også gjelde for utvida løyve og enkeltløyve dersom dette er større arrangement. Internkontrollen skal vera tilpassa verksemda sin storleik, samt ha det omfang som er naudsynt for å overhalde krava for løyvet, alkohollova og bestemmingar fastsatt i medhald av alkohollova. 

Helsedirektoratet har laga ein mal som kan gi god støtte ved utfylling av internkontroll som kan følgje søknad om førstegongsløyve.

Salsløyve: Mal internkontroll 

Skjenkeløyve: Mal internkontroll

Anna rettleiing mellom anna for utfylling av internkontrollskjema og IK-perm, finn de på heimesida til Helsedirektoratet.

Reklameforbodet

Det følgjer av alkohollova § 9-2, og alkoholforskrifta kap. 14, at reklame for alkoholhaldig drikke er forbode, og slik reklame må heller ikkje inngå i reklame for andre varer eller tenester.

Forbodet vil alltid gjelde for løyvehavarar med fast kommunalt sals- og skjenkeløyve, samt løyvehavar for eit enkelt høve.

Annonser om sals- og skjenkestader med informasjon om staden sitt namn, adresse og opningstider, samt bevillingsrettar er likevel tillate, og same informasjon kan bli opplyst om på staden si heimeside, samt opplysningsskilt/plakat i lite format i umiddelbar tilknyting til staden. Det er tillegg mogleg å opplyse om kva staden omsett/menyar, men opplysning om alkoholhaldig drikke må ikkje bli framheva i forhold til andre produkt som vert omsett på staden.

På ein nøktern måte, er det også lov å gjera arrangement med sal og skjenking av alkohol, kjent. Ein kan m.a. opplyse om arrangements-stad, dato og klokkeslett, samt pris og tema for arrangementet.

I alkoholforskrifta § 14-3, følgjer det nokre unntak for reklameforbodet og vilkår for desse. 

Kontroll med tildelte løyve

Det følgjer av alkohollova § 1-9, at kommunen skal føre kontroll med utøvinga av tildelte sals- og skjenkeløyve.

NoRuSun er eit kommunesamarbeid administrert av Sauda kommune som utfører kontroll med dei faste sals- og skjenkeløyva i Nord-Rogaland og Sunnhordland,. Kontrollane vert gjennomført etter ein nærare fastsett plan og det er to årlege samarbeidsmøte med samarbeidskommunane.

Kommunen har sjølv ansvar for utføring av kontroll med dei kommunale enkeltløyva til sal og skjenking som vert tildelt, jf. alkoholforskrifta § 9-1. Kommunen kan også gjennomføra dokumenttilsyn t.d. med sosiale medium, sjekke om det er mangler i internkontrollhandboka, om omsetjingsoppgåva er levert, eller om omsetjingsgebyr er betalt m.m.

Dokumentert brot på alkoholregelverket skal føra til tildeling av prikk i medhald av alkoholforskrifta § 10-3.

Prikktildeling

Det følgjer av alkohollova § 1-9, at kommunen har ansvar for å føre kontroll med utøvinga av dei kommunale sals- og skjenkeløyva,  

Reglane om prikktildeling og inndraging etter alkoholforskrifta kap 10. gjeld der kontroll er gjennomført i henhold til alkoholforskrifta kap. 9, eller rapport frå andre mynde avdekker at innehavaren av kommunalt sals- eller skjenkeløyve ikkje har oppfylt sine plikter etter alkoholregelverket. Ordninga er obligtorisk, og kommune er plikta til å følgje den rettleiinga som følgjer av alkoholforskrifta § 10-3, jf. alkoholforskrifta § 10-2. Moglegheita til å legga vekt på formildande omstende skal vera svært snever, og det må ligga føre to vilkår som begge må vera oppfylte:

  • Det må ligge føre både heilt spesielle og svært formildande omstende knytt til overtredinga

Dersom løyvehavar i løpet av ein periode på to år er tildelt til saman 12 prikkar, skal kommunestyret inndra sals- eller skjenkeløyvet for eit tidsrom på ei veke. Dersom det i løpet av toårsperioden blir tildelt fleire enn 12 prikkar skal kommunestyret auke lengda på inndraginga tilsvarande, jf. alkoholforskrifta § 10-2. i Stord kommune er handsaming av sals- og skjenkesaker delegert til formannskapet.

Alkoholpolitisk handlingsplan

Det følgjer av alkohollova § 1-7d, at kommunen skal utarbeide ein alkoholpolitiske handlingsplan.

For å sikra at alkoholpolitikken i kommunen er politisk styrt, skal kommunen ha ein alkoholpolitisk handlingsplan, samt gå gjennom og vurdera si eiga alkoholpolitikk kvart fjerde år.

Den alkoholpolitiske handlingsplanen kan stå aleine, vera ein del av kommunen sin rusmiddelpolitiske handlingsplan eller vera innarbeidd i andre kommunale planar. 

I Stord kommune ligg dei alkoholpolitiske måla forankra i Stord kommune sin rusmiddelpolitiske handlingsplan, som særleg skal bidra til å skjerma barn og unge mot alkoholmisbruk.

Hovudmålet er at kommunen sin alkohol- og løyvepolitikk skal vera balansert mellom alkohollova sitt føremål om å avgrensa skadane forårsaka av alkoholbruk og redusera forbruket av alkohol, samt ivareta næringa sitt behov for føreseielege rammevilkår og kommunestyret har i møte den 17 juni 2024 vedteke tre ulike tiltak for å nå desse måla:

  • Retningsliner for tildeling av sals- og skjenkeløyve i Stord kommune 2024-2028
  • Forskrift om opningstider for serveringsstader, skjenke- og salstider
  • Generelle vilkår for sals- og skjenkeløyve, samt nokre særskilde vilkår knytt til konsept.

Nasjonal alkoholstrategi 2021-2025

Retningsliner for tildeling av sals- og skjenkeløyve i Stord kommune 2024-2028

Det følgjer av alkohollova § 1-6 kan tildele sals- og skjenkeløyve for inntil 4 år av gangen.

Innanfor ramma av alkohollova kan kommunen kvart fjerde år kan bestemma si eiga løyvepolitikk gjennom mellom anna lokale retningsliner for tildeling av sals- og skjenkeløyve, med tiltak som byggja opp under ein helsefremjande og solidarisk alkoholpolitikk.

Retningslinene standardiserer skjønnet i tildelingssaker, slik at det ikkje er naudsynt å føreta eit heilt fritt skjønn i kvar enkelt sak.

Ny retningsliner for tildeling av sals- og skjenkeløyve i Stord kommune 2024-2028 vart politisk vedteke i kommunestyret den 17.06.24. 

Retningsliner for tildeling av sals- og skjenkeløyve i Stord kommune 2024-2028

Bevillingsregisteret:

Det følgjer av alkoholforskrifta § 13-3, at kvar kommune skal registrera inn sine sals- og skjenkestader, samt vedlikehalde opplysningar i bevillingsregisteret.

Bevillingsregisteret er offentleg, og skal bidra til å gi ein totaloversikt over alle sals- og skjenkeløyve for alkohol.

Bevillingsregisteret

Forskrift om opningstider for serveringsstader, samt skjenke- og salstider

Det følgjer av alkohollova § 4-4 at bestemminga om normaltid ikkje avgrensar kommunen sitt høve til å regulera opningstidene gjennom forskrift, gjeve med heimel i serveringslova § 15.

Innanfor ramma av alkohollova kan kommunen kvart fjerde år regulera si eiga løyvepolitikk og utvide eller avgrense sals- og skjenketidene.

Ny forskrift om opningstider for serveringsstader, samt skjenke- og salstider, vart politisk vedteke i kommunestyret den 17.06.2024.

Forskrift om opningstider for serveringsstader, samt skjenke- og salstider, Stord kommune, Vestland