Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår no 2. oppfriskningsdose

Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår no 2. oppfriskningsdose, og omtalt som 4. dose, for alle over 75 år.

Personar som er 75 år eller eldre og sjukeheimsbebuarar som har gjennomgått infeksjon vert tilrådd å ta oppfriskingsdose.

Det bør vera minimum 3 veker mellom gjennomgått koronasjukdom og ny oppfriskingsdose, men eit lengre intervall vil som regel gi ein betre immunrespons. 

Oppfriskningsdosen kan tidligst takast 4 månedar etter siste vaksinedose.

 

Stord kommune har fylgjande prioritering: 

 

  1. Sjukeheimsbebuarar og sårbare personar 75 år og eldre med heimesjukepleie.
  2. Aldersgruppa 80 år og eldre
  3. Aldersgruppa 75-79 år

 

Kommunen har starta arbeidet med kartlegging av kven av dei som er prioritert i gruppe 1 som ynskjer tilbod og vil byrja vaksineringa når oversikten er klar. 

Stord kommune legg ut informasjon om tidspunkt og oppmøtestad for dei som er prioritert i gruppe 2 og 3 på nettsida og i media.