Kva kan du søkja om tilskot til?
Du kan søkja om støtte til ordinær drift av laget/ organisasjonen. Følgjande blir lagt vekt på:
- Medlemstal, særskilt talet på medlemmar under 19 år.
- Aktivitet og eigeninnsats.
Kven kan søkja?
Lag og organisasjonar som er registrerte i Einingsregisteret og som høyrer til ein av desse kategoriane:
- Allmenne kulturorganisasjonar, barne- og ungdomsorganisasjonar
- Song- og musikklag
- Idrettsorganisasjonar
Krav til søkjar
- Organisasjonen skal ha minst 10 medlemer/deltakarar. Det kan dispenserast for kravet om 10 medlemer der særlege tilhøve tilseier det.
- Organisasjonen og tiltaka er opne for alle.
- Lag og foreiningar som tek imot tilskot, må godta ordninga med følgjeprov som gjeld i kommunen.
- Sakshandsamar i kommunen har rett til å undersøkja om grunnlaget for tilskot er til stades, og korleis tildelte midlar vert brukte.
Kva kan du ikkje søkja om tilskot til: - Turar eller studiereiser
Søknadsskjema
Søknadsskjema er ope i perioden 1. mars fram til søknadsfrist 15. april.
Vel skjema som passar din organisasjon: