Stord hamnestell er ei særbedrift under Stord kommune. Hamnestellet har ansvar for sjøområda til Stord kommune. Hamnedistriktet følgjer kommunegrensa.
Hamnestellet sitt hovudansvarsområde er å leggja forholda til rette for sjøgåande trafikk i hamna og hamnedistriktet. Ein registrerer og overvåker båttrafikken for bl.a. å kunna føra statistikk over anløp og gods som blir lasta/lossa over kaiane i hamnedistriktet.
Hamnestellet får alle sine inntekter gjennom utleige og avgifter.
Døgnopen vakttelefon: 53 49 67 66
Til vakttelefonen kan ein ringja dersom ein får problem av maritim art, og hamnevakta skal kunna assistera. Ein kan også ringja hamnestellet sin vakttelefon om ein oppdagar akutt forureining i sjø. I slike tilfelle vil hamnevakta formidla kontakt vidare til rette instans.
Foto: Jørgen Myklebust