Målgruppe
Målgruppa til PPT er born, ungdom og elevar som ikkje får tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet i skule, eller ikkje får dekka behova sine innanfor det almennpedagogiske tilbodet i barnehagen.
Me skal først og fremst gi vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for born i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskule og i vaksenopplæring på grunnskulen sitt område.
PP-tenesta skal også bistå barnehagar og skular i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling. Dette kan skje gjennom lærande nettverk som er temabasert eller generelle.
Det er opplæringslova som krev at PPT gjer denne vurderinga, då PPT er både fagleg kompetent og ein nøytral part. PPT skal gjere ei sakkunnig vurdering i desse tilfella:
- Søknad om tidleg eller utsett skulestart
- Spesialpedagogisk hjelp
- Spesialundervisning
- Fritak frå opplæring
- Punktskriftopplæring
- Teiknspråkopplæring
- Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK )Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.
Før tilvising til PPT
Du kan kontakta PP- tenesta for hjelp med kva som skal vera kartlagt før ei tilvising frå barnehage og skule, eller nytta deg av skjema:
Dersom du som føresett treng rettleiing ikring dette kan du ta kontakt med oss for hjelp.
Tilvising til PPT
Etter at ein har kartlagt det ein skal kartleggja før tilvising, fylt ut pedagogisk rapport, eventuelt andre kartleggingar som ein vil leggja ved; testrestultat, utskrift av stafettlogg og liknande, fyller du ut tilvisingskjema, som ligg i lenkene her:
Er du uroa for eit barn?
Her er ein rettleiar dersom du er uroa for eit barn: Stord BTI – Betre tverrfagleg innsats for barn og unge i Stord kommune (betreinnsats.no)
Send sikker digital post til PPT
Med eDialog kan du enkelt senda brev og dokument til oss på ein trygg måte, også om dei inneheld personsensitive opplysningar og/eller er unnateke offentlegheit. Dokumenta må vera i pdf format.
Kontakt oss - tilsette
Namn og funksjon | Kontaktinformasjon |
---|---|
Jannecke Fjeldtvedt Pedagogisk-psykologisk rådgjevar Fagleiar PPT | Telefon E-postadresse |
Tore Roth Blokhus Pedagogisk- psykologisk rådgjevar | Telefon E-postadresse |
Gunn Grov Pedagogisk-psykologisk rådgjevar | Telefon E-postadresse |
Solveig Huse Furevik Merkantil | Telefon E-postadresse |
Kathrine Wegner Skjølingstad Pedagogisk-psykologisk rådgjevar | Telefon E-postadresse |
Turid Meanger Sosionom | Telefon E-postadresse |
Ingrid Helen Mjelde Pedagogisk-psykologisk rådgjevar | Telefon E-postadresse |
Kjellfrid Lie Økland Spesialpedagog | Telefon E-postadresse |
Kathrine Støve Pedagogisk-psykologisk rådgjevar | Telefon E-postadresse |
Anita Eriksen Pedagogisk-psykologisk rådgjevar | Telefon E-postadresse |
Susanne Johnsen Pedagogisk-psykologisk rådgjevar
| Telefon 53 49 69 47 E-postadresse |