Eininga skal ivareta eigaransvaret for Stord kommune sine eigedomar, bygg, vegar, vatn og avløp og sikra at dei verdiar som er nedlagt vert ivaretekne.
Tekniske tenester har og ansvaret for alle prosjekt innanfor dei ulike tenestene.
Eininga er organisert i fire avdelingar: bygg og reinhald, vatn og avløp, veg og grønt, og prosjektavdeling. I tillegg har eininga ein stab støtteavdeling som har ansvar for forvaltning, gebyr, økonomi og merkantil.