Dei fleste barn oppfyller opplæringsplikta som elev i offentleg skule, men elevar kan og få opplæring ved ein privat skule eller i heimen. Privat grunnskuleopplæring i heimen inneberer at foreldra sjølve står for opplæringa av eige barn. Retten til grunnskuleopplæring i heimen er slått fast i opplæringslova § 2-2 og § 22-5 om «privat grunnskoleopplæring i heimen». 

I følgje opplæringslova har foreldra plikt til å melde til kommunen dersom dei ønskjer å gi barnet sitt privat grunnskuleopplæring i heimen.

 

Kva er privat grunnskuleopplæring i heimen?

Privat grunnskuleopplæring i heimen inneberer at foreldra sjølve står for opplæringa av barnet sitt, i staden for offentleg skule.

Retten til privat grunnskuleopplæring i heimen er slått fast i opplæringslova § 2-2  og § 22-5 om «privat grunnskoleopplæring i heimen».

Foreldra har ansvar for å sjå til at barnet får den grunnskuleopplæringa det har rett og plikt til.

 

Korleis starta privat grunnskuleopplæring i heimen?

Den eller dei som har foreldreansvaret har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet, jf. barnelova § 30 første ledd. Dette omfattar og val av grunnskuleopplæring. Dersom foreldra har felles foreldreansvar, må begge samtykka ved val av privat grunnskuleopplæring i heimen.

Barnet beste skal vera eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som vedkjem barnet. Før foreldre treff avgjerda om privat grunnskuleopplæring i heimen, har barnet rett til å få informasjon og moglegheit til å verta høyrt. Retten gjeld frå barnet er i stand til å danna eigne synspunkt.

Foreldra har plikt til å melda i frå til kommunen dersom dei ønskjer å starta med privat grunnskuleopplæring i heimen. Meldinga skal sendast skriftleg til Stord kommune v/rektor på barnet sin nærskule. 

Meldinga bør som eit minimum innehalda:

  • Når privat grunnskuleopplæring i heimen startar
  • Kven som gir opplæringa
  • Varigheit

 

Krav til privat grunnskuleopplæring i heimen

Opplæringa skal tilsvara den som vert gitt i offentleg skule.

Opplæringa i heimen må følgja dei same lover og forskrifter om føremål og innhald som offentleg grunnskuleopplæring.

Læreplanane for fag skal vera retningsgivande, og opplæringa skal oppfylla krava til føremålet med opplæringa. Foreldra må tilpassa opplæringa til eleven sine evner og føresetnadar.

Det er ikkje nødvendig med formell pedagogisk kompetanse, men foreldra må ha nødvendige føresetnadar for å driva opplæring.

 

Tilsyn og kvalitet

Når kommunen får melding om at eit barn skal få privat grunnskuleopplæring i heimen, skal dei opna tilsyn innan tre månadar etter at opplæringa startar.

Tilsyn skal skje minst to gonger per skuleår (ein gong per semester). Tilsynslæraren må vurdera om det er behov for hyppigare tilsyn. Ved tvil om opplæringa er i samsvar med lovkrava, skal tilsynets hyppigheit vurderast auka, og tilsynslærar må eventuelt kalla barnet inn til særskilte prøvar.

Innhald i tilsynet

  • Tilsynslærar skal sjå til at den private grunnskuleopplæringa i heimen har ein viss grad av struktur
  • Tilsynslærar skal sjå til at det er ein viss grad av plan i opplæringa 
  • Tilsynslærar skal sjå til at opplæringa er i tråd med læreplanverket, og oppfyller krava i lovverket.
  • Tilsynslærar skal sjå til at vilkåra for privat grunnskuleopplæring i heimen er til stades
  • Tilsynslærar har ikkje rettleiingsansvar. Dette er ikkje til hinder for at tilsynslærar på fritt grunnlag kan rettleia foreldra i deira arbeid
  • Etter kvart tilsyns skal tilsynslærar utarbeida ein rapport der han/ho konkluderer med om opplæringa er i tråd med lovkrava eller ikkje. Rapporten skal sendast til fagavdeling oppvekst og kultur i etterkant av kvart tilsynsbesøk. Føresette skal ha kopi av rapporten.

Kommunen kan krevja at barn som får privat grunnskuleopplæring i heimen, tek prøvar som viser om opplæringa oppfyller krava.

Dersom opplæringa ikkje oppfyller krava, må barnet byrja på skulen.

 

Avgrensingar

Opplæringa skal gjennomførast i Noreg og skal som hovudregel gå føre seg i eleven sin heim.

Privat grunnskuleopplæring i heimen må avgrensast mot skuleverksemd som omfattar grunnskuleopplæring for andre enn eigne barn.

Elevar som får privat grunnskuleopplæring i heimen, har ikkje rett til individuelt tilrettelagd opplæring (tidlegare kalla spesialundervisning), særskild språkopplæring, teiknspråkopplæring mv. Dersom dei føresette meiner at barnet ikkje får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa i heimen, må dei skriva barnet inn i den offentlege grunnskulen.

Eleven som mottar privat grunnskuleopplæring i heimen, får ikkje standpunktkarakterar og har ikkje rett til ordinært vitnemål frå grunnskulen. Det er ingen privatistordning ved eksamen i grunnskulen, og elevar som har gjennomført grunnskuleopplæringa si i heimen, kan ikkje ta privatisteksamen i fag på 10. trinn for å få karakterar og vitnemål. I staden skal kommunen skriva ut dokumentasjon på at grunnskulen er fullført. Heimen er ansvarleg for å sende førespurnad om slik dokumentasjon til kommunen i god tid før opptak til vidaregåande skule. Kommunen kan ikkje gje slik dokumentasjon med mindre me gjennom tilsynet er trygge på at borna har fått opplæring i tråd med gjeldande læreplan.

Kommunen har ikkje plikt til å dekka kostnadar til lærebøker og materiell for elevar som har privat grunnskuleopplæring i heimen. Dette inneber til vanleg at læremiddel som eleven har fått utlevert på kommunal skule, t.d. lærebøker og elev-pc, skal leverast inn att på skulen.

Det følgjer ingen rettar til økonomisk kompensasjon frå kommunen med retten til privat grunnskuleopplæring i heimen.