Det er vanleg at barn og unge i perioder opplever å vere engsteleg og redd i ulike situasjonar. Ofte er dette ein naturleg del av utviklinga, som varar i ein periode før engstelsen slepp taket. Sterk engstelse kan derimot føra til at bornet/ungdommen ikkje klarar å gjere ting han/ho har lyst til.
Cool kids er for dei med vedvarande plager som fører til begrensingar i livet, noko som kan få følger på skulen og/eller på fritida. Typiske vanskar er at ein gruer seg for å vere åleine, delta i sosiale settingar eller sterk bekymring for sjukdom og skade. Nokon er svært redd for å gjere feil eller få kjeft, er redd for at noko skal skje med familien eller gruer seg til framføringar. Ein kan også ha meir spesifikke fryktar som t.d. naturkatastrofar, dyr og sprøyter osv.
Om kurset
- Barn/ungdom og føresette møter fyrst til ein samtale. Ut i fra ei heilskapeleg vurdering, vil barnet/ungdommen få tilbod om kurs eller ikkje.
- Barnet/ungdommen som får kurstilbod, møter til samling ein gong i veka, til saman 10 samlingar à 90 minutt.
- Føresette møter til to foreldremøte. Me vil og kontakta føresette på telefon for oppfølging undervegs i programmet.
Erfaring viser at barnet får best effekt dersom foreldra bidrar aktivt og støttar barnet i oppgåvene dei får mellom samlingane. Dykk som foreldre må difor være førebudd på å bruka ekstra tid på dette, og å trene på øvingar heime. Det er viktig at barnet er med på kvart treff. Samlingane vil føregå på dagtid.
Det viktigaste i Cool Kids er å hjelpa barnet til trinnvis å møta det han eller ho er redd for ved å lære å handtera uroa si betre. Trening på å finna meir realistiske tankar er ein sentral del av kursopplegget.
Kurstilbodet vil rullere mellom barne- og ungdomsskuleelevar.
Ny gruppe for ungdomsskuleelevar startar 14. januar 2025. Siste kursdag blir 08. april.
Påmeldingslenke: kurset er fullteikna.
For meir informasjon, ta kontakt med helsesjukepleiar:
Kjersti Sjøvold: kjersti.forland.sjovold@stord.kommune.no
Karoline Føyen: karoline.epland.føyen@stord.kommune.no