Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Arrangementsportalen

Stord kommune ønskjer å leggje til rett for gode arrangement, med høgt fokus på tryggleik og gode opplevingar for innbyggjarane og tilreisande.   

Rettleiinga freistar å gi praktisk informasjon, opplyse om ulikt lov- og regleverk, samt kome med tips og idear til kva som må avklarast og takast omsyn til i planlegginga av, og innan gjennomføring av, ulike typar arrangement inne og ute. 

Enten du vil arrangera ein liten konsert med alkoholservering eller eit stort arrangement  der du skal byggje scener og stenge gater, er det fleire ulike løyve som bør hentast inn og mykje som må planleggast. 

Arrangementsportalen er ei dør inn til etatar som bør vera involvert i prosessen, og gir deg ei oversikt og kva løyve du må søkja. Her finn du og informasjon om anna du bør tenkje på når du planlegg eit arrangement.  

Frist for søknader kan vera opptil 3 månader, ver difor ute i god tid.   

mange salsboder og folk som går rundt. oversiktsbilete