Kontaktinformasjon

Mottakstelefon barnevern dagtid: 975 52 163 

SIB er lokalisert i Lønningsåsen 1, på SKE-bygget i 3 etasje på Stord. Utanfor bygget er det parkering for bil, der ein kan stå 2 timar med parkeringsskjeve. Meir info om parkering finn du her. 

Familierettleiarane er lokalisert i eit anna bygg, informasjon om det får du om du skal møta der.  

Opningstid: 08.00-15.00 kvardagar 

E-post: sib@stord.kommune.no   
Postadresse: Postboks 326, 5402 Stord.

Du kan oppnå kontakt med Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste sin akuttberedskap, på telefon 919 14 430. Telefonen er bemanna med ein bakvakt som kan hjelpe barn og familiar i krise og akutt situasjonar, som trong rask hjelp. Telefonen er open vekedagar frå 15.30–08.00 og på helg/heilagdagar heile døgnet.  

Alarmtelefonen for barn og unge har døgnopent heile veka. Barn, unge og vaksne som er bekymret for eigen situasjon eller andre barn/unge, kan ringje alarmtelefonen på telefon 116 111. Dei har og chat/sms teneste.   

Tiltak i barnevernssak

Når barn på grunn av forholda i heimen eller av andre grunner har særlege behov, skal det setjast inn tiltak for barnet og familien. Tiltaka skal ha barnet sitt beste som målsetting. Alle tiltak skal evaluerast med jamne mellomrom. Målet er at barnet skal veksa opp hos dei biologiske foreldra sine utan tiltak frå barnevernstenesta.  

Barnevernet skal og driva førebyggjande samarbeid med andre tenester og frivillige organisasjonar.

Barnevernet set i verk undersøking etter bekymringsmelding frå til dømes foreldre, barnet sjølv, annan familie, helsestasjon, barnehage, skule, sjukehus, politi og NAV.

Ein barnevernssak kan delast inn i fire fasar:

  • bekymringsmelding
  • undersøking
  • tiltak
  • oppfølging

Bekymringsmelding

Ein barnevernssak startar alltid med ei bekymringsmelding.

Alle som er bekymret for et barns utvikling eller omsorg kan melda frå til barnevernstenesta. Hovudoppgåva til barnevernet er å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får rett hjelp til rett tid.  

Lov om barneverntenester har følgjande fristar for sakshandsamingstid:

  • Avklaring av melding innan 1 veke, ein skal då vurdera om meldinga skal følgjast opp med ei undersøking eller om det ikkje er grunnlag for bekymring. Viss du melder som privatperson får du kun tilbakemelding på at melding er motteke.  
  • Undersøking skal gjennomførast innan 0 - 3 månader. I særlege tilfelle inntil 6 månader.​ 

Undersøking

Ei bekymringsmelding som inneheld opplysingar som gir rimeleg grunn til å anta at det er grunnlag for tiltak etter barnevernslova skal snarast undersøkjast nærare av barnevernstenesta. Undersøkinga skal kartleggja barnet sitt hjelpe- og omsorgsbehov, og gi barnevernstenesta grunnlag for å vurdera om barnet har behov for tiltak etter barnevernslova. Då tek barnevernet kontakt og avtalar eit første møte eller eit heimebesøk.  

Barnevernet har ei plikt til å undersøkja om barnet har det bra i heimen sin, og foreldra kan ikkje nekta at undersøkinga blir gjord. Men både foreldre og barnet har rettar, og barnevernet har plikter til korleis undersøkinga skal gjennomførast:

  • I første møte eller heimebesøk vil foreldre, og i nokon tilfelle barnet, delta. Foreldra får vite innhaldet i bekymringsmeldinga og får høve til å fortelja sitt syn på familiesituasjonen og korleis dei har det.  
  • Barnet skal få seie meiningane sine og skal kunne fortelje fritt, men berre dersom barnet sjølv ønskjer det. Barnet får etter ei vurdering av modning ut frå alder, tilpassa informasjon om saka.  
  • Undersøkinga skal følgja ein plan og vurderingane skal vera skriftlege. Foreldra skal få informasjon om barnevernet sine vurderingar.
  • Undersøkinga skal gjerast så skånsamt som mogeleg for familien, og barnevernet skal ikkje undersøkja meir enn det som er nødvendig for å finna ut korleis barnet har det.
  • Barnevernstenesta skal ta omsyn til familien sin kultur, etnisitet, språk og religion.
  • Barnevernet kan krevja å få snakke med barnet i einerom, eller i nokre tilfelle at barnet skal undersøkjast på sjukehus.

Etter undersøkinga vil barnevernet gi ei grunngiving for om det skal innførast tiltak, eller om saka blir avslutta utan at tiltak er nødvendig. 

Hjelpetiltak

Treng barnet ditt hjelp? Treng familien hjelp til å meistre ein vanskeleg kvardag? Barnevernet kan hjelpe barn og støtte familiar på mange måtar.  

Når du får hjelp av barnevernet, vil det som oftast vera hjelp i heimen. Det er berre i sjeldne tilfelle at det er betre for barnet å bu ein annan stad. Det meste av barnevernet sitt arbeid er å støtte og styrkja foreldre til å meistre kvardagen saman med barna sine.

Hjelpetiltak frå barnevernet kan vere:

  • Råd og rettleiing til familien
  • Styrking av barnet sin sosiale kompetanse
  • Styrking av samspelet mellom foreldre og barn
  • Støttekontakt for barnet
  • Besøksheim og støttefamilie
  • Familieråd

Når hjelpetiltaka er i gong, vil barnevernet følgja med på om hjelpa fungerer, eller om det er behov for nye tiltak. Barnevernet vil også laga ein plan for tiltaka, og for oppfølginga av barnet og familien. Planen skal skildra kva som er målet med hjelpetiltaka, kva dei skal innehalde, og kor lenge dei er meinte å vare.

Tiltaks- og tenesteoversikt for barn og unge i Stord kommune 

 Sjå informasjonsfilmen frå Bufdir om korleis barnevernet kan hjelpa: 

Omsorgsovertaking

I nokre alvorlege situasjonar er det best for barnet å bu ein annan stad enn heime. Det kan vere at hjelpetiltaka til barnevernet ikkje fungerer eller at barnet har store åtferdsproblem. Barnevernet kan då skaffe barnet ein mellombels heim i ein institusjon eller ein fosterheim. Det blir altså barnevernet som har ansvar for den daglege omsorga. Men det vil framleis vere foreldra som kan avgjere einskilde grunnleggjande avgjerder, blant annan type skule, val av trusretning eller endring av namn.

Ei omsorgsovertaking skjer berre i alvorlege tilfelle og kan skje med eller utan foreldra sitt samtykke.   

Når barnevernet vurderer barnet sin situasjon som så alvorleg at den bør bort frå heimen, må saka avgjerast i eit nøytralt organ, som er barneverns- og helsenemnda. Det er dei som gjer den endelege avgjerda etter at foreldra, barnet og barnevernet er blitt høyrt.

Dersom du opplever å bli fråteken omsorga for barnet ditt, vil du kunne få hjelp og støtte både frå barnevernet i din kommune og frå familievernkontoret.

I utgangspunktet er ei omsorgsovertaking mellombels og barnevernet vil jobbe saman med foreldra for at barnet skal få flytte heim igjen. Du har også rett til samvær med barnet. 

Kriterium/vilkår

Kriterium for omsorgsovertaking kan vere:

  • at det er alvorlege manglar ved den daglege omsorga som barnet får, eller alvorlege manglar i den personlege kontakten og tryggleiken som det treng etter alderen og utviklinga si
  • at foreldra ikkje sørgjer for at eit sjukt eller funksjonshemma barn får dekt behovet sitt for behandling og opplæring
  • at barnet blir mishandla
  • at det er fare for at barnet si helse eller utvikling vil bli skadd

Familievernkontoret tilbyr hjelp til alle som opplever vansker, kriser eller konflikt i familien. Les meir om kva dei kan tilby av hjelp her

Organisasjonen for barnevernsforeldre kan tilby råd, informasjon og tenester til foreldre som har barn i kontakt med barnevernet. Du kan lese meir om kva dei kan tilby her.