Tilsette er legar, helsesjukepleiarar og assistentar. Arbeidet inneber m.a. foreldrevegleiing og rådgjeving, heimebesøk til nyfødde, helseundersøking for spe- og småbarn, vaksinering, kartlegging, støttande/motiverande samtaler, oppfølging og nettverksarbeid.

Me har fokus på rettleiing og støtte i spørsmål om barnets vekst og utvikling, og me vurderer og gjev råd i høve til tilknyting, kommunikasjon, samspel og trivnad. Me ønskjer å hjelpe born og familiar som opplever overgrep, vold, rus eller andre vanskelege heimeforhold.

Me tilviser vidare ved behov, og samarbeider m.a. med fastlege, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern. Me har teieplikt, og samarbeid skjer etter samtykke frå føresette.

Tenesta driv førebyggande og helsefremjande arbeid. Dersom barnet er sjukt og treng behandling, skal ein nytte fastlegen sin. Helsestasjonen kan gje råd dersom foreldre t.d. er usikre på barnets symptom og behov for legevurdering. 

Febersjuke barn skal ikkje møte på helsestasjonen, men føresette kan ringe for rådgjeving.

Tilbod på helsestasjonen

  • Barseltreff
  • 6 veker: Helsesjukepleiar/lege, vaksine
  • 3 mnd: Helsesjukepleiar, vaksine
  • 4 mnd: Tema: Barn og utvikling, gruppe
  • 5 mnd: Helsesjukepleiar, vaksine
  • 6 mnd: Helsesjukepleiar/lege
  • 7/8 mnd: Helsesjukepleiar, gruppe
  • 10 mnd: Tema: Tannpleie, gruppe
  • 12 mnd: Helsesjukepleiar/lege, vaksine
  • 15 mnd: Helsesjukepleiar, vaksine
  • 17/18 mnd: Helsesjukepleiar, gruppe
  • 2 år: Helsesjukepleiar/lege
  • 4 år: Helsesjukepleiar 

På kvar kontroll vil me sjå på utviklinga generelt: Lengde, vekt, hovudomkrins, søvn, ernæring, aktivitet og motorikk, familiesituasjon og nettverk. 

Me tilbyr også fysioterapeut til spedbarn og barn ved behov. Ta kontakt via din helsesjukepleiar eller direkte til fysioterapeut Katrine Nilsen Mjønes: Tlf. 904 13 265 eller e-post: katrine.nilsen.mjones@stord.kommune.no    

Invitasjon til barseltreff

Me har gleda av å invitere til barseltreff på helsestasjonen. Der vil du treffe jordmor og helsesjukepleiar, samt andre foreldre med nyfødde.

Me snakkar om føde- og barseltid, amming og ernæring, samspel og forventningar, utvikling og søvn, mobilbruk, alkoholbruk m.m.

Det er mogeleg å vege barnet.

Barseltreffet er onsdagar kl. 13.00-14.30. 

Helsestasjonen har fylgjande tilbod til barn og foreldre

Spe- og småbarnskontrollar

Der vil du treffe helsesjukepleiar og lege som vil fylgje med utviklinga hos barnet ditt, og vegleie dykk som foreldre om barn, kost, søvn, familierutinar, helse og trivsel med meir.

Grupper

Me vil kunne tilby nokre av kontrollane som grupper, der dette er mogeleg å få til. Då kan de treffa andre foreldre med born i same alder.

Vaksinasjon

Alle vaksinane i barnevaksinasjonsprogrammet vert tilbydd ved kontrollane. Barnet byrjar programmet ved 6 vekers alder. 

Meir informasjon kan de finna på Vaksiner til barn (barnevaksinasjonsprogrammet) - FHI