Kort om Leirvik fyr

Leirvik fyr ligg på øya Midtøya i skjergarden utanfor Leirvik. Fyrstasjonen har overnattingsplass til 8 personar, og alt som du treng av fasilitetar.

Ein kort båttur på 10 minuttar frå Leirvik sentrum tek deg over til ei stor og skjerma kai på vestsida av øya. 

På Midtøya kan du bada, grilla, gå ein tur rundt øya eller fiska. Frå øya har du eit perfekt utgangspunkt til å besøka Sunnhordlandsområdet med båt. Her er du ein kort tur frå det meste, og i Leirvik sentrum finn du kaféar, aktivitetar, daglegvarer og restaurantar.

Fasilitetar

  • 1 rom i 2. etasje med dobbelseng til 2 personar.
  • 1 rom i 2. etasje med to køyesenger til 4-5 personar.
  • 1 sovesofa i 1. etasje til 1 person.
  • 2 stover med plass til 10-12 personar.
  • Godt utstyrt kjøken med kjøleskap, frysar, steikeovn, steikeplater og steamer.
  • Kaffitraktar, miksar og vaffeljern.
  • Bestikk, koppar, fat og glas til minst 20 personar
  • Dusj og toalett i eige bygg


Fyrmeisterbustad senger

I fyrste høgda er det kjøken, to stover og eit lite kammers.
Fyrmeisterbustaden

Maskinhuset kan nyttast som verkstad/ utstillingslokale/ atelier eller liknande. 
Maskinhuset

Utleige/ prisar

For utleige gå til fana "Bestilling"
Sjå fana "Utleigekalender" under om kva periodar som er ledige.

SESONGEN 2025 (frå 15. april til 15. oktober). 

  • 1 døgn (vekedagar frå 12:00, utsjekk 11:00 neste dag): 
    Inntil 2 personar: kr. 1500,- 
    Per ekstra person: kr. 150,-
    Barn u. 18 år: gratis
  • 1 helg (frå fredag 14:00, utsjekk sundag 19:00):
    Inntil 2 personar: kr. 2800,-
    Per ekstra person: kr. 300,-
    Barn u. 18 år: gratis
    Merk: Helg kan ikkje delast opp i døgnleige.
  • 1 veke (frå måndag 12:00 til sundag 19:00): 
    Inntil 2 personar: kr. 8.000,-  
    Per ekstra person: kr. 500,-
  • Møter frivillige lag og organisasjonar (dagtid/ kveld til kl. 19:00 utan overnatting)
    Kr. 1.000,-
  • NB! Klokkesletta ovanfor gjeld henting og levering av nøklar.

Bestilling

Bestilling via elektronisk skjema

Merk:
-Ansvarleg leigetakar må vera over 20 år.
-Maks samanhengande leige er 1 veke.

Kanselleringsvilkår:

  • Ved avbestilling meir enn 31 dagar før ankomst: 100 % refusjon
  • Ved avbestilling frå 31 til 14 dagar før ankomst: 50 % refusjon
  • Ved avbestilling mindre enn 14 dagar før ankomst: 0% refusjon.

Om du må avbestilla grunna sjukdom bør du sjekka om reiseforsikringa di dekkjer dette.

Nøklar vert levert ut i resepsjonen i Stord kulturhus, her betalar du samstundes óg for opphaldet med kort eller kontant. Nøklane skal leverast attende same stad når leigeperioden er over.​

Kaien

Utleigekalender

Leirvik fyrstasjon kan leigast mellom 15. april til 15. oktober. Utleigde datoar er merka med raud firkant. Kalenderen oppdaterer seg ikkje automatisk, så endeleg stadfesting på utleiga får du på e-post. 

April 2025

 123456
78910111213
14151617181920
2122232425227
282930    

Mai 2025

   1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  


Juni 2025

      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30      

Juli 2025

 123456
78910111213
14151617181920
2122232425227
28293031   

August 2025

    123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

September 2025

1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930     

Oktober 2025

  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  

Kva må eg ta med?

Leigetakar lyt sjølv ta med: 
Laken, dynetrekk, putevar, handkler, kjøkenhandkle, klutar, toalettsaker og toalettpapir. 
Leigetakarar har også ansvar for å vaska etter seg og forlate staden i same stand som når dei kom (det er vaskeutstyr og vaskemiddel på fyrstasjonen). 
Følg punkta under den digitale sjekklista som du finn her (lenke).

Merk: Ein må ha båt for å ta seg ut til Midtøya. I helgene og i fellesferien er det mogleg å leiga båt frå Stord kommune som kostar kr. 500,- døgnet, les meir under punktet "Utleige av båt" under. Det er ein god fortøyingsplass for båt på vestsida av øya.

Utleige av båt

 

Om båten
Sæbø gard har ein Pioneer multi-båt til utleige som ligg i Leirvik hamn. Denne er tilrettelagt med rampe og kan nyttast av organisasjonar og personar med funksjonsutfordringar, samt leigetakarar av Leirvik fyrstasjon. Dette for å gjera fyrstasjonen tilgjengeleg for dei som ikkje sjølve kan ordna seg transport til Midtøya. 

Utleige
Båten er tilgjengeleg for utleige til følgjande tidspunkt:
-Helger (fredag frå kl. 15 til sundag kl. 19)
-Alle vekedagar i fellesferien (juli månad)

Pris og kontaktinformasjon
Leigeprisen for båten er kr. 500,- per døger og utleiga må bestillast samstundes med leige av fyrstasjonen. Ønskjer du å leiga båten ei heil veke, så er prisen for det 2.500,-. Du kan bestilla utleige av båt samstundes som du bestiller fyrstasjonen på fana "Bestilling" over.

Nøklar til båten hentar du samstundes med nøklar til fyrstasjonen, som du får utlevert i Stord kulturhus. Her er det og fire flytevestar til utlån (2x 70-90 kg og 2x 50-70 kg)

Merk at som utleigar er du sjølv ansvarleg for båten under heile utleigeperioden, og at du må følgja opp denne digitale sjekklista (lenke).
Båten er forsikra med ein eigendel på kr. 10.000,-. Du bør sjekka om forsikringa di dekkjer eigendel om det skulle oppstå skade.

Sæbø gard og Stord kommune rettar ein stor takk til desse støttespelarane som gav tilskot til å kjøpa inn båten:
Friluftsrådet Vest, Sparebanken i Kvinnherad, Gjensidigestiftelsen og Venner av Sæbø.

 

Bilete av Sæbøbåten.

 

Historia om Leirvik fyrstasjon

Leirvik fyrstasjon ligg på Midtøya, ei lita øy ved innseglinga til Leirvik. Området er eit unikt kulturmiljø på Stord og har utsikt over store deler av det som blir kalla Sunnhordlandsbassenget. Fyrstasjonen blei oppretta i 1878 og i dag ein historisk overnattingsstad eigd av Stord kommune.

SKE (Stord kommunale eigedom) står for den tekniske drifta og Eining for kultur administrerer utleiga. Venelaget for Leirvik fyr samarbeidar med Stord kommune om å taka vare på eigedomen, og har dugnadar på fyret året rundt. SKE fekk i 2012 på plass ein moderne og godt dimensjonert kai på vestsida av øya, som gjorde at fyrstasjonen i dag har godt tilgjenge og kan brukast som ein arena for kulturopplevingar.

Det er fyrvaktarbustaden som blir leigt ut, og i tillegg til denne så finst det eit maskinhus og eit naust frå 1930-talet. Frå kaien går det ein sti gjennom kulturmiljøet fram til fyreigedomen.

Information in English

Experience a stay at Leirvik Lighthouse - 

Fyrstasjon utanfrå

The historic Lighthouse Keeper's Cottage can be rented. It is situated on Midtøya, a small island in Stord Municipality. 

The property can house up to 8 people. The whole area is a cultural protected enviroment and open to the public.

Stord municipality cooperates with the non-profit organization “Venelaget for Leirvik fyr” about the upkeep of the property.

Facilities

First floor contains two small living rooms and a kitchen. 
Fyrmeisterbustaden
Toilet and shower is in the adjoining building, where there also is a room that can function as a studio or exhibition space.
Maskinhuset
Second floor has two bedrooms, one with a double bed and the other with two bunk beds.
Fyrmeisterbustad senger
 
Boat rental
You need to have a boat to get to Midtøya. If you don't have access to a boat, our Pioneer multi-boat can be rented for the duration of your stay at an additional cost of NOK 500 per day. (You are liable for the boat and have to sign a liability form to confirm your responsibilities.)
 
There is a good pier for the boat at the west side of the island. There is also a sandy beach. Both available for public use.
Kaien
 

You will have to bring

You have to bring sheets, comforter covers, pillow covers, towels, toilet paper etc. 

Cleaning

The house and bathroom has to be cleaned by the renter before departure. There is an instruction sheet at the Lighthouse. Cleaning equipment is provided at site.
 

Reservation

Reservation can be made by e-mail to kultur@stord.kommune.no.
  • The renter has to be at least 20 years of age
  • Maximum one week continuous rental allowed
  • Reserveations can be made one year in advance
  • Cancellation is free up till one week before reservations date, if cancelled after that 50% is due.

Check in

Check in is located at Stord kulturhus. Payment can be made by credit card or cash. The keys and signed instruction sheet are to be returned at the same location after your stay is completed.
 

Prices

  • 1 Night min. NOK 1.500,- 
    (key pick up at 12.00 – key delivery 11.00 next day) 
  • 1 Weekend min. NOK 2.800,-
    (key pick up Friday at 14.00 – key delivery Sunday at 19.00) 
  • 1 Week min. NOK 8.000,-
    (key pick up Monday at 12.00 – key delivery Sunday at 20.00)
  • Price per day for afternoon/evening meetings NOK 1000,-
  • Cultural events - contact us on kultur@stord.kommune.no
     

Report a problem/damage

If anything gets damaged or you notice something wrong with the house or the property, you have to let Stord municipality know as soon as possible. Call the reception at Stord kulturhus at 53 49 69 50.

Leirvik light house

Informationen auf Deutsch

Genießen Sie einen Aufenthalt auf der Leuchtturminsel (Leirvik fyrstasjon)

Wir sind stolz darauf, das alte Leuchtturmwärterhaus vermieten zu können. Es liegt auf der Midtøya, einer kleinen Insel in der Bucht von Leirvik.

Das Leuchtturmwärterhaus kann bis zu 7 Personen beherbergen. In der ersten Etage befinden sich zwei kleine Wohnzimmer, ein kleiner Abstellraum und die neu eingerichtete Küche.  In der zweiten Etage liegen die Schlafzimmer, eins mit einem Doppelbett und das andere mit zwei Etagenbetten. Das Bad mit Dusche ist in einem Nebengebäude untergebracht, welches früher das alte Maschinenhaus war.

Der Transport zur Insel ist selbst zu organisieren. Mitzubringen sind Bettwäsche, Handtücher und Toilettenpapier.

Bei Beendigung des Aufenthaltes sind alle Räume einschließlich Bad sowie das genutzte Außengelände zu säubern.  Die Endreinigung ist durch ein von Ihnen auszufüllendes Formular zu bestätigen. Das ausgefüllte Formular geben Sie zusammen mit dem Schlüssel an der Rezeption im Kulturhaus mit ab. Reinigungsmittel und -geräte werden vor Ort zur Verfügung gestellt.

Bei Beschädigungen, unabhängig durch wenn oder welcher Art, bitten wir Sie umgehend die Stord kommune zu informieren, Telefon +47 53596950 (Rezeption Kulturhaus).  

Buchung:

kultur@stord.kommune.no

Der Mieter muss mindestens 20 Jahre alt sein.

Bezahlung/ Schlüsselübergabe erfolgt an der Rezeption im Kulturhaus. Der  vollständige Mietpreis ist vor Antritt des Aufenthalts zu bezahlen. 

Preise:

1 Nacht - Min. 1.500 NOK (12:00 Uhr * - 11:00 Uhr nächster Tag **)

1 Wochenende - Min. 2.800 NOK (Freitag 14:00 Uhr* - Sonntag bis 19:00**)

7 Tage – Min. 8.000 NOK (Montag 12:00 Uhr* - Sonntag bis 19:00 Uhr **)

Preis pro Tag - 1000 NOK

Schlüsselübernahme*  -  Schlüsselrückgabe**

Weitere Informationen:

Die gesamte Insel und die vier Gebäude darauf sind ein wertvolles Kulturerbe. Das Leuchtturm-wärterhaus (Leirvik fyrstasjon) und das Außenhaus wurden 1878 errichtet, das Maschinenhaus im Jahr 1939/40 und das Bootshaus 1930. Instandgehalten wird das Areal von der gemeinnützigen Organisation „Venelaget for Leirvik fyrstasjon“ in enger Zusammenarbeit mit der Stord kommune.  
Leirvik light house