Ulike lag- og organisasjonar arrangerer i Leirvikstova. Ta kontakt om du har ønskje om å leiga lokalet til opne eller lukka arrangement.

Her kan lag og organisasjonar legga ut aktivitetar dei har i Leirvikstova og Hagerupshuset | Facebook

Aktivitetsoversikt

TidspunktAktivitetAnna informasjon
Måndagar  
Kl. 11:00 til 13:00Gladdans 
KveldstidStord ADHD, IKK med fleire 
Tysdagar  
Kl. 10:00 til 10:30Trim med Anne Karin Ottesen 
Kl. 14:00Middagsservering Påmelding til frivilligsentralen
Kl. 16:30 til 18:30Røde kors “i lag”Ikkje siste tysdagen i månaden
Kl. 19:00 til 21:00Mental helse ungdomsgruppeIkkje siste tysdagen i månaden
Kl. 19:00LHLSiste tysdagen i månaden
Onsdagar  
Kl. 11:00 til 13:30Eldretreff Tilrettelagt fritid
Kl. 17:00 til 20:00Sjakk 
Torsdagar  
Kl. 10:00 til 10:30Trim med Anne Karin Ottesen 
Kl. 11:00 til 13:30SeniordataFrivilligsentralen
Kl. 17:00 til 21:00Pensjonistlaget, HLF med fleire 
Fredagar  
Kl. 11:00 til 13:00NAV kvinnegruppe 
Kl. 15:00 til 18:00Treffstad for flyktningarSamarbeid med fleire organisasjonar
Kl. 18:00 til 21:00Treffstad for ungdomNorsk folkehjelp
Laurdagar  
DagtidKaféarI regi av diverse lag
   
Søndagar  
Kl. 17:00 til 22:00Brettspelklubben 

Prisar for utleige

UtleigekategoriPris inntil 3 timarPris per time utover 3 timar
Møter ideelle lagkr. 600,-kr. 100,-
Møter private/firmakr. 1100,-kr. 150,-
Arrangement som konfirmasjon/dåp/bursdag e.l.kr. 2500,- 

LEIGEVILKÅR / LEIGEREGLEMENT

Leigetakar pliktar å setja seg inn i dette leigereglementet og oppslag for rømingsvegar (dette finn du i lokalet). Leigetakar er ansvarleg for å evakuera alle personar i leigde lokale via næraste rømingsveg.

Leigetakar kontaktar Stord kulturhus kiosk/resepsjon for å henta/levera nøkkel. Leigetakar skal sjå til at leigde lokale er klargjort for ny utleige etter bruk. Det vil seie at leigetakar har ansvar for all rydding. Stolar og bord skal setjast attende slik dei var plassert før utleiga. Om bord og stolar er henta frå lager eller andre lokale, skal dette setjast på plass att på ein ryddig måte. Har ein nytta kjøken/ kjøkenutstyr skal alle benkeflater reingjerast, og alt bestikk, glas e.l. skal vera vaska og satt på plass.

Om leigetakar forlét lokalet ulåst, er leigetakar ansvarleg for alt utstyr som tilhøyrar Leirvikstova, og er såleis erstatningsansvarleg ved tjuveri e.l. Alle manglar/ feil med utstyr må meldast frå med det same, om ikkje er leigetakar erstatningspliktig.

Ved skade eller tjuveri som gjeld Leirvikstova sitt anlegg/ inventar/ utstyr under utleigeperioden, er leigetakar erstatningspliktig.

Her finn du utleigereglement inkludert prisar i pdf