Døme: innvendig og utvendig sanitæranlegg, nytilkopling og rehabilitering av VA-anlegg, ombygging som medfører nye bu/brukseiningar, fråkopling av VA-anlegg, lekkasje, montering av vassmålar, tilbakeslagsventil.
Private har ikkje høve til å søkja om sanitærmelding sjølv. Det skal vera godkjent føretak som prosjekterer, søkjer og utfører arbeid på sanitæranlegg.
Elektronisk løysing for innmelding av sanitærmeldingar for bransjen
Søknad skal godkjennast av Stord kommune før arbeid vert sett i gong. Det skal sendast inn ferdigmelding etter at arbeidet er utført.
Alle føretak loggar seg på elektronisk portalen med eige brukarnamn og passord. De får då tilgang til eigne saker, både dei som er under arbeid og alle ferdige saker.
Til søknad om sanitærmeling (onpowel.com)
I den elektroniske tenesta kan røyrleggjar:
- fylla ut søknad
- teikna direkte inn i leidningskart
- sjekka status i sanitær-saka di
- senda ferdigmelding
Tenesta gir røyrleggjar god oversikt over kva for søknader som er sendt til oss, om søknadane er godkjent og om ferdigmelding er levert.
Under «Hjelp» på denne nettsida finn du en videofilm med rettleiing i registreringsprosessen