Folkehelsearbeid er definert som samfunnet sin innsats for å påverka faktorar som fremjar befolkningen sin helse og trivsel, førebyggja psykisk og fysisk sjukdom, skade eller liding, beskytta mot helsetruslar, samt arbeida for ein jamnare fordeling av påverknadsfaktorar. Folkehelsearbeidet er tett knytt til arbeidet med FN sine berekraftsmål.
Folkehelsearbeid er ei samfunnsoppgåve. Arbeidet er tverrsektorielt, og rettar seg hovudsakleg mot lokalsamfunnet og innbyggjargrupper, og i liten grad mot individa. I følgje folkehelselova har alle dei kommunale tenesteområda ansvar for å fremja helsa og redusera sosiale helseskilnadar. Folkehelsearbeidet i Stord har fire hovudmål:
- Folk i Stord har gode levekår og opplever tilhøyrsle uavhengig av bakgrunn og funksjonsevne
- Folk i Stord trivest i nærmiljøet sitt, har gode butilhøve og kan ferdast trygt
- Folk i Stord har kunnskap, tilrettelegging og støtte for å fremja eiga helse og utvikling
- Kommunen si verksemd legg vekt på omsynet til barn og unge si helse, trivsel og utvikling
Velg emne i kategorien folkehelse:
Skadedyr
Dersom du har skadedyr i hus og bygningar kan du kontakta Mattilsynet. Gjeld det skadedyr som kan påverka folk si helse som til dømes; hovudlus, flått og liknande det kommunelegen som kan gje råd og rettleiing.
Mattilsynet i Sunnhordland
Distriktskontoret for Sunnhordland
Torget 10
5417 Stord
Telefon 53 45 42 00
Kommuneoverlege
Tlf. 53 49 66 30
E-post: Petra.Turet.Olsen@stord.kommune.no
Les meir om skadedyr på Folkehelseinstituttet sine nettsider.
Smittevern
Stord kommune har eigen smittevernlege som kan kontaktast når det gjeld vurdering av smittsame sjukdommar, vurdering av helsefarlege utslepp, næringsmiddelborne infeksjonar eller miljøhygieniske ulemper.
Helsestasjonane
Helsestasjonane på Leirvik og i Sagvåg har følgjande tilbod når det gjeld smittevern og førebygging av sjukdom:
- Tuberkulosekontroll. Ring for time, prøven er gratis
- Vaksinasjon mot influensa og lungebetennelse. Kvar haust. Tilbodet vert annonsert på denne nettstaden og i bladet Sunnhordland
- Informasjon og rådgjeving om smittsame sjukdomar
- Reisevaksinasjon
- Mantoux-prøvar i samband med nytilsetting innan helse- og barneomsorg etter gjeldande reglar
- Kontroll av utanlandske statsborgarar som skal opphalda seg meir enn 3 månader i Noreg
- BCG vaksinasjon
Informasjon og rådgjeving om smittsamme sjukdomar kan du også få hos fastlegen din, helsesjukepleiar eller ved Helsestasjon for ungdom.
Informasjon om seksuelt overførbare sjukdommar
Kontakt fastlegen din. Dei som er i aldersgruppa 13 - 19 år kan kontakta Helsestasjon for ungdom
Vaksinasjonsprogram
Stord kommune følgjer det nasjonalt tilrådde vaksinasjonsprogrammet knytt til barnevaksinasjon, reisevaksinasjon og vaksinasjon av personar som treng ekstra vern mot smitte.
Folkehelsekoordinator
100% stilling i Fagkontor plan
Folkehelsekoordinator er pådrivar og koordinator for kommunen sitt folkehelsearbeid, og har ansvar for å følgja opp folkehelselova sine krav til kommunen. Folkehelsekoordinator leiar mellom anna arbeidet med å utarbeida oversikt over folkehelsa, og kommunen sine overordna folkehelsemål. Folkehelsekoordinator deltek i arbeid med kommuneplan, kommunedelplanar og utviklingsprosjekt, er sakshandsamar for relevante saker og fagleg rådgjevar innan folkehelse og innbyggjarmedverknad.
Folkehelseråd
Administrativt samrådingsforum som møtes 4 ganger årleg.
Folkehelserådet har rådgjevande funksjon for kommunen sitt folkehelsearbeid, med rutine for vidaresending av referat til kommunedirektøren si leiargruppe og dei politiske utvala.
Desse er med i folkehelserådet:
- Kommunedirektør
- Kultursjef
- Økonomisjef
- Driftsleiar veg/grønt
- Skule- og barnehagefagleg rådgjevar
- Kommuneoverlege
- Avdelingsleiar førebyggjande brann og redning
- Einingsleiar førebyggjande tenester
- Einingsleiar regulering, byggesak, oppmåling
- Avdelingsleiar eining for psykisk helse og rus
- Einingsleiar NAV kommune
- Rådgjevar idrett og friluftsliv
- Folkehelsekoordinator
Folkehelseforum
Folkehelseforum er ein arena for kunnskapsutveksling og samskaping mellom innbyggjarane og kommunen som blir arrangert to gongar årleg.
Forumet er ein møteplass som skal femna vidt og kan organiserast på ulike måtar, til dømes kafédialog, folkemøte eller fellesaktivitetar. Folkehelserådet avgjer tema utifrå kva som rører seg i lokalsamfunnet. Du som innbyggjarane kan kome med innspel til tema du ynskjer løfta fram i folkehelseforum.
Folk i sentrum / folkehelsedagane
Folk i sentrum er eit årleg arrangement i juni. Stord kommune saman med næringliv, frivillige lag og organisasjonar står bak arrangementet med mål om å fremja helse, trivsel og fellesskap.
Det er ein folkefest med ulike aktivitetar og kjekke arrangement for både liten og stor. Lag og organisasjonar kan visa kva dei driv med ved å ha stand. Folk i sentrum er ein aktiv og inkluderande møteplass der folk gjerne vert inviterte med i aktivitetane. For at alle skal kunna delta ynskjer me at aktivitetar så langt som mogeleg skal vera gratis. Dette er særskilt viktig for aktivitetar for barn/barnefamiliar.
Folk i sentrum (folk-i-sentrum.no)
Kontaktpersonar:
Tove.Agdestein@stord.kommune.no