Målet med eigenberedskap
Første veka i november var det landsdekkande kampanjeveke for eigenberedskap. Målet med Eigenberedskapsveka er å auka folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar. Og ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du, og dine næraste, blir litt betre førebudd.
DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) anbefaler at alle husstandar i Noreg tar nokre enkle grep for å betra sin eigenberedskap.
Eksempel på beredskapslager
- 9 liter vatn per person. Slik lagrer du vann | Sikkerhverdag
- to pakkar knekkebrød per person
- ein pakke havregryn per person
- tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
- tre boksar med pålegg med lang haldbarheit per person
- nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
- medisiner du er avhengig av
- ved-, gass eller parafinovn til oppvarming
- grill eller kokeapparat som går på gass
- stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe
- fyrstikker eller lighter
- varme kler, pledd og sovepose
- førstehjelpspakke
- batteridriven DAB-radio
- batteri, lada batteribank og mobilladar til bilen
- våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
- tørke-/toalettpapir
- sanitetsprodukt
- litt kontantar
- ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/rødsprit til oppvarming og matlaging
- jodtablettar ved atomhendingar dersom du er under 40 år, gravid, ammande eller har barn som bur heime. Jodtabletter ved atomulykker - DSA
Kvifor eigenberedskapsråd no?
Det er fleire forhold som gjer at det kjem eigenberedskapsråd til befolkninga no. Meir ekstremvêr er blant dei viktigaste årsakene. Ekstremvêr kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur, som til dømes straum, vatn og mobilnett. Andre forhold er sabotasje, tekniske problem, terror og krigshandlingar.
I tillegg er me som bur i Noreg – som er blant verdas tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar me er avhengige av, for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ei sårbarheit.
Du er ein del av beredskapen i Noreg
Sjølv om me lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar og inntreffe hos oss. Og om me vert ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.
Ved å vera førebudd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.
Eigenberedskapsveka vert arrangert av DSB i samarbeid med kommunar over heile landet.