Har du langvarige finansieringsproblem med bustaden, kan startlån bidra til at du kan skaffe deg ein nøktern og rimeleg bustad. Startlånet kan bli gjeve som topp- eller fullfinansiering til
-
kjøp av bustad
-
utbetring og tilpassing av bustad
-
toppfinansiering ved bygging av ny bustad
-
refinansiering av dyre lån slik at husstanden kan bli buande i bustaden
Startlånet er behovsprøvd, og kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ordinære kredittinstitusjonar. I vurderinga legg kommunen vekt på om du har langvarige problem med å finansiere eigd bustad og har nytta moglegheita til sparing innanfor dei økonomiske rammene du har.
Treng du avdragsfriheit på startlånet ditt?
Då må søkja om dette. Søknaden skal leverast skriftleg med grunngjeving på kvifor ein søkjer om avdragsfriheit, med følgjande vedlegg:
- Skattemelding - utskrift av siste godkjente
- Dokumentasjon inntekt pr søknadstidspunkt
- Dokumentasjon gjeld pr søknadstidspunkt
- Dokumentasjon eventuell formue pr søknadstidspunkt
- Informasjon om kva disponibel sum avdrag skal nyttast til
- Utskrift frå gjeldsregisteret som dokumentasjon for gjeld
- Siste tilgjengelege takst på bustaden