Kriterier
- 65 år eller eldre.
- Kan gå utan ganghjelpemiddel.
- Kan legge seg ned og reise seg opp frå golvet (med eller utan hjelp av gjenstandar).
- Oppmøte
Kva kan du forvente?
- Trening 2 dagar i veka i 12 veker. Deretter 1-2 dagar i veka på treningssenter
- Moglegheit for å danne nye venner og kjennskap.
- Moglegheit for å danne gode rutinar og vanar for fysisk aktivitet for å sikre ei best mogleg aldring saman med andre.
- Vi startar på eit nivå som passar for alle og aukar gradvis.
- Råd, tips og rettleiing frå fysioterapeutar og trenarar.
- Gradvis betre funksjon og meistringskjensle.
- Oppstart på treningssenter mot slutten av perioden.
Korleis føregår det?
Før treningsperioden startar avtalar fysioterapeut og deltakar tidspunkt for testing før treningsperioden startar. Denne testen inneber grepstyrke, kondisjon og generell funksjon samt ein samtale om mål og bakgrunn, det er derfor viktig å ha på seg klede som er behagelege å trene i og joggesko. Informer oss første dagen eller når ein avtal tid til testing om eventuelle sjukdommar/diagnosar du har.
Etter fullført test og samtale er det moglegheit for spørsmål du måtte ha før treningsperioden startar.
Mot slutten av perioden vil treninga skje delvis på treningssenter og ein instruktør frå treningssenteret vil samarbeide med fysioterapeut frå kommunen. Dette gjer me for å sikre ein god overføringsprosess. Det blir òg gjennomført ein Re-test (same test som ved start), for å sjå på betring og effekt etter treningsperioden. Her er det ofte store og imponerande endringar, så sant innsatsen og oppmøtet har vore bra.
Er du interessert?
Ta gjerne kontakt på:
Telefon Fellestenester: 53496600
Telefon avdelingsleiar Tonje Hovland: 48189821
Eller send søknad og spesifiser “Aktiv Senior 65+” Du finn søknadsskjema under.