Trafikksikringsplan
Stord kommune har eigen trafikksikringsplan som byggjer på Statens vegvesen sin rettleiar for kommunale trafikksikringsplanar. Trafikksikringsplanen skal synleggjera kva kommunen ynskjer å prioritera av tiltak innan trafikksikring.
Krav til fri sikt langs kommunal veg
Store buskar og tre skal plasserast minst 2 m innanfor grensa mot den kommunale vegen. Hekkar og mindre buskar skal plasserast minst 1 m innanfor grensa. Alle planter skal veksa innanfor eigen eigedom.
Dersom du har tre som strekkjer seg utover eigedomsgrensa, er det følgjande krav til fri høgde:
- over gang/sykkelveg: 3 meter
- over køyrebane: 5 meter
Klypp av tre, hekkar og buskar
Høge og breie tre, hekkar eller buskar langs veg og i avkøyrsle, kan hindre fri sikt og skape trafikkfarlege situasjonar.
Kommunen ber naboar langs vegar om å klyppe eigne buskar og tre slik at dei ikkje veks ut i veg- og fortausareal, og soleis vert til hinder for framkome og vegvedlikehald.
Tre og hekkar må heller ikkje skjule vegmerking, gatelys, vegskilt eller leidningar.
Om du eig eller disponerar ein eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg, har du også ansvar for å sørge for frisikt i di avkøyrsle.
Avkøyrsle mot kommunal veg - frisiktsoner
Frisiktsona skal vera fri for sikthinder høgare enn 0,5 m over hovudvegen sitt nivå.
Tenk siktsoner og trafikktryggleik når du planlegg planting. Har du avkøyrsle frå kommunal veg skal du syte for tilstrekkeleg fri sikt mot vegen.
Krav til frisiktsoner avheng av fartsgrensa og trafikk i avkøyrsla:
Fartsgrense kommunal veg: L1 L2
30km/t 20 m 3 m/4 m*
40 km/t 30 m 3 m/4 m*
50km/t 45 m 4 m/6 m*
- Skjerpa krav til L2 ved års døgntrafikk (ÅDT) > 50.
Illustrasjon: N100 Veg- og gateutforming, figur 4.1.4.2-1
Tabell 4.1.4.2–1 – Siktkrav i avkjørsler, L2:
Illustrasjon: N100 Veg- og gateutforming, tabell 4.1.4.2-1