Rammeplan for barnehagen viser til at samiske barn i barnehage skal få støtte til å bevara og utvikla språket sitt, det vil sei kunnskap om kulturen sin, uavhengig av kor dei bur i landet. Det vert ikkje stilt krav om at barnehagepersonalet beherskar samisk, men dei tilsette skal ha kjennskap til og vektlegga den samiske kulturen og samiske språk i barnehagen.

Alle barnehagar må derfor synleggjera samisk kultur og medverka til at barn utviklar respekt og fellesskapsfølelse med det samiske mangfaldet. Dei skal bidra til at barna vert kjent med at samane er Noreg sitt urfolk, og til at alle barn får kjennskap til samisk språk, kultur og tradisjon. Dette kan dei gjera ved å knyta det samiske perspektivet til merkedagar og kvardagsliv, kunst og kultur og mattradisjonar. 

Podcastar

I podkasten Barnehagemegafonen – en høylytt podcast om barnehage | Podcast on Spotify kan ein høyra om leik og alvor i arbeidet med samiske perspektiv i barnehagen. 

I podkasten Mellomrommet: Samisk kultur i barnehagehverdagen - Mellomrommet | Podcast on Spotify sin fjerde episode er Samisk kultur i barnehagekvardagen tema.