Dei tilsette har teieplikt, og ungdom kan kome dit med alle typar spørsmål, utan å «risikere» å møte foreldre. Tilbodet er gratis, og ein kjem utan timeavtale.
Målgruppa er ungdom opp til 20 år, inkludert studentar ved Høgskulen i Vestlandet.
Ved helsestasjon svarar me på spørsmål om kroppen, problem på skulen, forholdet til kjærast, vennskap, seksualitet, rus, røyking/snusing, graviditet, menstruasjon, prevensjon, kosthold, slanking og etevanskar, psykiske vanskar, vonde opplevingar, til dømes seksuelle overgrep, vold eller sjukdom i familien. Og mykje anna.
På helsestasjon for ungdom kan ein m.a. få reseptar og anna behandling for helseproblem, prevensjonsrettleiing og prevensjon, testing med tanke på kjønnssjukdomar eller graviditetstesting. All testing og behandling mot kjønnssjukdommar er gratis.
Ved akutt sjukdom, kroniske lidingar/plager, eller ved behov for meir grundig og langvarig utgreiing, behandling eller oppfølging, er det fastlege/evt. legevakt som skal nyttast.