Kva kan ein kreftkoordinator hjelpa deg med?
- Koordinera og leggja til rette for at du og dine skal få ein best mogleg kvardag.
- Vera ein ressursperson for deg som er kreftramma, eller for pårørande
- Ha oversikt over relevant tilbod og tenester for kreftpasientar og deira pårørande
- Gje råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabiliteringsmoglegheiter
- Vera samtalepartner som kan bidra og sortere tankar i ein vanskeleg tid
- Arbeida tverrfagleg. Samarbeide med andre instansar som er relevant i ein sjukdomsperiode
På kreftforeningen.no kan du sjå ein informasjonsfilm om kreftkoordinator i kommunen
Aktiv etter kreft
Er eit tilbod for deg som har gjennomgått kreftbehandling.
Målet er at du skal få
- auka livskvalitet
- auka meistringsevne
- sosial deltaking og møta andre i same livssituasjon
- tilpassa fysisk aktivitet og styrketrening, og koma i betre fysisk form og få meir energi
- informasjon om aktuelle tema
- få individuell samtale og hjelp til å sette deg mål ved behov
Kreftpasientar har lett for å verta fysisk passive av naturlege og naudsynte årsakar. Det kan likevel tenkast at aktivitetsnivået i mange tilfelle vert unødvendig lavt.
Gjennom å vere fysisk aktiv kan du verta betre til å kjenne kroppen din og finne ut kor mykje du orkar og kva du kan gjere. Fysisk aktivitet kan vere ei hjelp til å rette merksemd mot det friske i deg og gi moglegheit til å oppleve at det er mange ting du kan gjere til tross for sjukdomen. I tillegg gir fysisk aktivitet moglegheit til gode opplevingar saman med andre. Fysisk aktivitet gir helsegevinst – også etter ein kreftdiagnose!
Kontakt oss
Kreftkoordinator Torhild Aamodt
Tlf: 975 52 132
Send e-post til Torhild Aamodt
Kontortid
08.00 – 15.30
måndag, tysdag og fredag
Du kan ta kontakt sjølv, eller be legen din, sjukehuset eller andre om å formidla kontakt.
Besøksadresse
Lønningsåsen 1
5417 Stord
Andre relevante telefonnummer
Heimebaserte tenester 53 49 67 31
Sentralbord rådhuset 53 49 66 00