Lånekort

Me krev legitimasjon når lånekort vert skrive ut. Du må ha med lånekortet ved lån.

Du kan laga deg lånekort på nett Ver merksam på at ved å laga lånekort på nett, blir du berre lokal lånar ved Stord folkebibliotek.

Nasjonalt lånekort kan brukast i alle bibliotek i Noreg. Møt opp i betjent opningstid på bibioteket for å få nasjonalt lånekort.

Du kan endra kontaktopplysningane dine på MI SIDE.

Lånekortet finst digitalt i appen BIBLIOFIL.

Last ned BIBLIOFIL i Google Play 

Last ned BIBLIOFIL i App Store

6 år

Du kan få eige lånekort det året du fyller seks år.

15 år

Du kan få nasjonalt lånekort.

Lånetid og innlevering

Bøker: 4 veker
Tidsskrift: 2 veker
Språkkurs: 6 veker
Dataspel: 2 veker

Du kan levera i alle bilbliotek i Noreg.

Reservering og hentehylle

Du kan reservera utlånte media og få melding når desse kan hentast. Du kan hente reservert media når biblioteket er ubetjent. Lånet kan fornyast to gonger når det ikkje er reservert av andre.

No finn du reserverte bøker på ny hylle ved utlånsautomaten hos oss på biblioteket i Kulturhuset. Når du henter boka di, er ho allereie lånt ut til deg.

Varsel

Du kan spørja biblioteket om å senda deg ein SMS tre dagar før bøkene dine forfallar. SMS'en er gratis.

Purring

Biblioteket sendar ut purring på media som ikkje er levert i rett tid.

Vaksne
     1. gongs purring kr. 35,-
     2. gongs purring kr. 70,-

Barn
     1. gongs purring kr. 0,-
     2. gongs purring kr. 20,-

Ved ikkje levert media etter 2. gongs purring, vil det genererast erstatningskrav.

Tilgang til biblioteket med lånekort når personalet ikkje er til stades

Gjeld tilgang til hovudbiblioteket utanom betjent opningstid for brukarar over 18 år. 

For å få denne tilgangen må du ta kontakt med personalet i skranken. For meir informasjon om dette, gå til Sjølvbetjening og tilgang til biblioteket med lånekort.