Føremålet med leiargruppa er å medverka til heilskapleg utvikling og styring av kommunen. Leiargruppa sitt mandat er av rådgjevande karakter.
Leiargruppa har møte kvar måndag. Saker skal meldast inn til leiarmøtet med eventuell skriftleg utgreiing seinast onsdag før møte. Skriftlege utgreiinga skal som hovudregel ikkje vera på meir enn to A4-sider.
Personal- og organisasjonssjef har ansvaret for sekretariatsfunksjonen til møta, og sender ut innkalling til møte seinast torsdag veka før møte. Referat frå møta skal gjerast tilgjengeleg internt.
Større/overordna saker, prosjekt og prosessar skal som hovudregel leggjast fram for leiargruppa på eit tidleg tidspunkt.
Kommunedirektøren si leiargruppe skal få seg førelagt årshjulssaker som:
- Kommunedirektøren si arbeidsliste.
Ansvar: kommunedirektør
- Overordna økonomisaker:
Ansvar: økonomisjef- budsjett
- budsjettrevisjonar
- månadlege økonomirapportar
- Personalpolitikk, organisasjon:
Ansvar: personal- og organisasjonssjef- innspel til sentrale lønsforhandlingar
- lønspolitiske drøftingsmøte
- årsmelding
- Vedlikehald og oppdatering av beredskapsplanverk
Ansvar: assisterande kommunedirektør (beredskapsansvarleg)
Plansjefen har ansvar for at overordna planverk vert lagt fram for leiargruppa på eit tidleg tidspunkt. Kommunalsjefane har på same måte ansvar for å leggja fram sektorplanar for naudsynte avklaringar og forankring.
Fordeling av einingar, ansvarsområde m.m.
Kommunalsjefane har i fått fordelt einingane seg imellom slik at den speglar den politiske arbeidsdelinga mellom dei politiske komiteane.
Arbeidsdelinga i Kommunaldirektøren si leiargruppe er for tida slik det går fram av det administrative organisasjonskartet