Det er eit tidsavgrensa gratis tilbod, med mål og tiltak som blir planlagd saman med deg. Eigeninnsats og motivasjon til trening er avgjerande, og aktivitetstrening og hjelp til sjølvhjelp står sentralt.
Heimerehabiliteringsteamet består av fysioterapeut, sjukepleiar og ergoterapeut. Teamet ynskjer å bidra til at du kan vere lengst mogleg aktiv i eige liv.
Korleis søkje
- Du kan søkje via søknadsskjema her
Du kan henvende deg via dei tenester du allereie har
Dersom du har teneste frå før kan du sende ein beskjed eller melding via Helsenorge.no.
Kvar henvending vil verta vurdert opp i mot om ein fyller kriteria for å vera mottakar av tenesta. Alle henvendingar vert prioritert etter ein prioriteringsnøkkel.
Teieplikt: Dei tilsette har teieplikt om personopplysningar.
Tilsette
Ikkje send personsensitive opplysningar på e-post. Dette for din eigen tryggleik.
Bente Bjelland Tlf. 41 18 19 01 E-post: bente.bjelland@stord.kommune.no | Avdelingsleiar |
Tonje Hovland Tlf. 48189821 E-post: tonje.hovland@stord.kommune.no | Ass.avdelingsleiar |
Sara Brosvik E-post: sara.brosvik@stord.kommune.no | Ergoterapeut |
Hilde Nordtveit E-post: hilde.nordtveit@stord.kommune.no | Fysioterapeut |
Cassandra Berge Medhus | Helsefagarbeidar |
Målgruppe
Målgruppa for heimerehabilitering er innbyggjarar i Stord kommune som er heime eller skal skrivast ut til heimen, og som blir vurdert til å ha behov for trening i heimen. Teamet kan samarbeide med heimebaserte tenester om opptreninga di ved behov.
Heimerehabilitering tar utgangspunkt i korleis du kan mestre kvardagen i eigen heim. Kva aktivitetar er viktig i livet ditt no? Kva gjeremål og aktivitetar klarte du før, som du treng å trene på for å klare deg sjølv no?
Heimerehabilitering kan hjelpe deg med
- Tverrfagleg kartlegging med utgangspunkt i kva som er viktig for deg no?
- Individuell rehabiliteringsplan
- Tiltak med utgangspunkt i dine behov
- Eigentreningsprogram
- Koordinering av tenestene rundt deg
- Kompetanseoverføring og undervisning
- Informasjon og vegleiing til deg, pårørande og andre samarbeidspartar
- Alle aktivitetar har mål om meir sjølvstende i kvardagen.
Kostnad
- Tenesten er gratis.
- Om du uteblir frå timen utan varsel 24timar før, blir du fakturert 300kr for manglande oppmøte. Ved akutt sjukdom, gi beskjed snarast råd.
Prioriteringsnøkkel
Brukarar under utdanning eller som er i arbeid vil verta prioritert høgare enn andre i gjeldande prioritering.
Prioritering | Eksempel | Max. ventetid |
Prioritet 1: Personar med brått funksjonsfall/ funksjonstap.
| Personar som treng intensiv rehabilitering etter sjukdom/skade. Td.:
| 2 veker |
Prioritet 2: Personar med gradvis / byrjande funksjonsfall.
| Personar som pga sjukdom/skade har fått gradvis/ byrjande funksjonsfall. Har auka behov for hjelp i heimen, og kan utsette /redusere behov for helseteneste i heimen. Td.:
Nye brukarar av tenestene vert prioritert over kjende der ein elles stiller likt. Ukjende brukarar treng meir omfattande kartlegging. | 4 veker |
Prioritet 3: Personar med varig nedsett funksjonsnivå/kroniske lidingar | Personar som har behov for heimerehabilitering for å betre eige funksjonsnivå, slik at dei kan vedlikehalde dei funksjonane som trengs for å kunne bu heime. Td.:
| 6 mnd |
Besøkstid
Eining for aktivitet og re/habilitering har innført at besøkjande til Stord kommunale rehabiliteringssenter må ha avtale med tenesteytar.
-
Har du ein beskjed eller melding som påverkar behandling og besøk, ber me deg nytte Helsenorge.no.
-
Er du ny brukar Send elektronisk søknad til kommunen om Søknad om heimerehabilitering
-
Har du behov for kontakt med våre tenester på telefon, gjer du det via Fellestenester på telefon 53 49 66 00.
-
Me ynskjer å gi den beste kvaliteten på tenestene våre. Ved å innføra avtale for besøk får tilsette betre tid til å gje brukarane våre gode tenester ved at ein unngår stadige avbrot i arbeidsdagen. Me handterer personsensitive opplysningar i våre lokale og tiltaket førebyggjer også brot på personver