Tildelingskontoret og Eining for habilitering har samarbeida om å utarbeida informasjon til føresette til barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune.
Vel aldersgruppe:
0-6 år
Fastlegen
Alle barn har rett på fastlege og det er fastlegen som skal koordinera medisinsk utgreiing og oppfølging. Samarbeid med spesialisthelsetenesta. Gratis for barn under 16 år. Finn din fastlege.
Helsestasjonen
Helsestasjonen føl opp alle barn frå fødsel. Samarbeid om habilitering av born som har særlege behov.
Fysioterapi for barn og unge
PPT
PPT greier ut om barnet treng spesialpedagogisk hjelp i førskulealder eller til skulestart. PPT for Stord og Fitjar har telefon 53496940.
NAV
www.NAV.no. Informasjon og søknadsskjema finnes på nett. Ein kan møta opp og få råd og rettleiing på NAV-kontoret (Grunn- og hjelpestønad, høgna hjelpestønad, pleiepengar, opplæringspengar og hjelpemiddel )
Barnehageplass
Søk om barnehageplass. Du kan og søkja om nedsett foreldrebetaling og gratis kjernetid ved låg inntekt.
Fellestenester
Fellestenester yt teneste / sakshandsaming:
Eining for habilitering
Eining for habilitering har ansvar for å driva dagtilbod for utviklingshemma, bufellesskap, avlastingstilbod og omsorgsløn. Dei yt tenester etter vedtak. Søknadsskjema om helse- og omsorgstenester finn du lenger nede på sida.
Eining for aktivitet og re/habilitering
Ergoterapi for barn og unge. Barn og unge som av ulike grunnar har nedsett funksjonsevne, kan få hjelp av ein ergoterapeut for å leggja til rette for ein kvardag med mest mogleg aktivitet og deltaking. Eininga har også ansvar for kommunalt hjelpemiddellager og varmvassbasseng/terapibading.
Heimebaserte tenester
Heimebaserte tenester yt tenester til funksjonshemma barn og deira familiar etter vedtak . Søknadsskjema om helse- og omsorgstenester finn du lenger nede på sida.
Tilrettelegging av bustad
www.husbanken.no. Råd frå ergoterapeut i kommunen og frå arkitekt. Bustadtilskot frå husbanken. Bustadkonsulenten på Tildelingskontoret kan gi råd.
Sjukemelding og eigenmelding
OBS! særlege reglar for sjukemelding og eigenmelding for foreldre til kronisk sjuke barn og funksjonshemma barn; Omsorgspengar til barnet er 18 år. www.nav.no
Utsett skulestart
Sjå retningsliner for utsett skulestart Stord kommune nedanfor.
Tannlege
Den offentlege tannhelsetenesta har ansvar for barn og unge t.o.m. året dei fyller 20 år. I tillegg behandlar dei psykisk utviklingshemma og pasientar i institusjon og heimesjukepleie. www.hfk.no
Tolk
På NAV.no kan du bestilla tolk
Tildelingskontoret
Tildelingskontoret yt fylgjande tenester / sakshandsaming:
- Søknad om startån www.husbanken.no
- Søknad om bustønad www.husbanken.no
- Bustadtilskot frå husbanken. Bustadkonsulenten på Tildelingskontoret kan gi råd.
- Råd og rettleiing og sakshandsaming i høve til tenester etter Helse- og omsorgstenestelova: T.d. praktisk hjelp, BPA, støttekontakt, avlasting, omsorgsløn m.m. Søknadsskjema om helse- og omsorgstenester finn du lenger nede på sida.
- Avklaring om behovet for individuell plan og utpeikar koordinator der det trengs. Søknadsskjema om helse- og omsorgstenester finn du lenger nede på sida.
Tilbod for pårørande
For fagfolk: Pårørendeprogrammet.no
6-16 år
- Skulehelsetenesta er på alle skulane i kommunen.Sjå oversikt over skular.
- PPT kan lage sakkunnig vurdering jf. §5-1 i Opplæringslova. Samarbeid med skule og føresette.
- Individuell opplæringsplan (IOP).
- Ergoterapi for barn og unge. Barn og unge som av ulike grunnar har nedsett funksjonsevne, kan få hjelp av ein ergoterapeut for å leggja til rette for ein kvardag med mest mogleg aktivitet og deltaking.
- Spesialundervising i grunnskulen. Søknad vert handsama i Fagavdeling for oppvekst og kultur.
- SFO ( Skulefritidsordning) Ein søkjer til den skulen ein soknar til. Barn med særskilte behov kan delta til og med 7.trinn.
- Skuleskyss: www.skyss.no/skoleskyss. Fagavdeling for oppvekst og kultur og skulen kan gi meir informasjon.
- Søknad til vidaregåande. PPT og skulen samarbeider med heimen om å søkje om spesialundervising og / eller søknad til spesielle tilbod på skulen.
- Søknad om følgjekort / ledsagerbevis vert handsama i Fellestenester. Her er søknadsskjema og skjema for sakkunnig vurdering som skal følgja søknaden.
- På Tildelingskontoret får du råd og rettleiing og sakshandsaming i høve til tenester etter Helse- og omsorgstenestelova: T.d. praktisk hjelp, BPA, støttekontakt, avlasting, omsorgsløn m.m. Søknadsskjema om helse- og omsorgstenester og fullmaktsskjema finn du lenger nede på sida.
- Tannlege
Den offentlege tannhelsetenesta har ansvar for barn og unge t.o.m. året dei fyller 20 år. I tillegg behandlar dei psykisk utviklingshemma og pasientar i institusjon og heimesjukepleie. www.hfk.no - På NAV.no kan du bestilla tolk
Tilbod for pårørande:
16-18 år
- Vidaregåande skule Søknad og inntak til vidaregåande opplæring - Vestland fylkeskommune
- Søknad til vidaregåande. OT/PPT og skulen samarbeider med heimen om å søkje om spesialundervising og / eller søknad til spesielle tilbod på skulen.
- OT/ PPT (OT/PPT har eit team av oppfølgingskoordinatorar, spesialpedagogar og psykologar som arbeider for å tilpasse og legge til rette for at flest mogeleg fullfører vidaregåande opplæring.) tlf. 53 40 20 40
- Førebyggjande helse: Skulehelseteneste på vidaregåande skule.
- Ergoterapi for barn og unge. Barn og unge som av ulike grunnar har nedsett funksjonsevne, kan få hjelp av ein ergoterapeut for å leggja til rette for ein kvardag med mest mogleg aktivitet og deltaking.
- Melde om bustadbehov: Søknad om kommunal bustad. Kontaktinformasjon til bustadkonsulenten finn du her
- Søkje om verge ved 18 år. Søknad til Fylkesmannen via fastlegen. Sjå statsforvalteren.no/vestland/verjemal/
- NAV www.nav.no søkje om ytingar, avklaring og utprøving i høve til arbeidslivet. Oppfylging og sosiale tenester: www.nav.no/no/person/arbeid/oppfolging-og-tiltak-for-a-komme-i-jobb
- På Tildelingskontoret får du råd og rettleiing og sakshandsaming i høve til tenester etter Helse- og omsorgstenestelova: T.d. praktisk hjelp, BPA, støttekontakt, avlasting, omsorgsløn m.m. Søknadsskjema om helse- og omsorgstenester finn du lenger nede på sida.
- Søknad om følgjekort / ledsagerbevis vert handsama i Fellestenester. Her er søknadsskjema og skjema for sakkunnig vurdering som skal følgja søknaden.
- Tannlege: Den offentlege tannhelsetenesta har ansvar for barn og unge t.o.m. året dei fyller 20 år. I tillegg behandlar dei psykisk utviklingshemma og pasientar i institusjon og heimesjukepleie. www.hfk.no
- På NAV.no kan du bestilla tolk
- Søknad om dagtilbod for funksjonshemma (Sæbø gard) skal fremjast på same skjema som andre helse- og sosialtenester. Du finn skjema lenger nede på sida.
- Søknad om varig tilrettelagt arbeid (VTA) (Podlen) skal fremjast til NAV.
Forhøgja hjelpestønad opphøyrer ved fylte 18 år.
Fritid
Eining for kultur, telefon 53 49 69 50
Onsdagsklubben
Mandagsklubben
Harri fritidsklubb
Litlabø fritidsklubb
Lag og organisasjonar i Stord
Fritidskontakt / Støttekontakt.
Nyttige nettsider
www.familienettet.no
www.helfo.no
www.nav.no
www.frambu.no
Tilbod for pårørande