Ergoterapeutar har fokus på førebygging og tidleg innsats for å fremme aktivitet, deltaking og inkludering for barn og unge med ulike utfordringar i kvardagslivet. Barn og unge utviklar seg og lærer gjennom leik og aktivitet i samspel med sine fysiske og sosiale omgjevnader.

Mange blir hindra i å delta i leik og fritidsaktivitetar i barnehage, skule og nærmiljø fordi dei ikkje meistrar dei krav og forventningar som blir stilt til dei. Tidleg innsats er viktig for å sikre ei god utvikling, og det krev tett tverrfagleg samarbeid. Oppfølginga kan vera i barnehagen, på skulen og i heimen for barnet som opplev aktivitetsvanskar.

Korleis søkje

Du kan søkje via søknadsskjema her

  • Søknad om ergoterapeut
  • Søknad om ergoterapeut. PDF
     
  • Du kan henvende deg via dei tenester du allereie har 
  • Dersom du har teneste frå før kan du sende ein beskjed eller melding via Helsenorge.no.  
  • Kvar henvending vil verta vurdert opp i mot om ein fyller kriteria for å vera mottakar av tenesta. Alle henvendingar vert prioritert etter ein prioriteringsnøkkel.

Tilsette

Ikkje send personsensitive opplysningar på e-post. Dette for din eigen tryggleik.

Tonje Hovland
Tlf. 48189821
E-post: tonje.hovland@stord.kommune.no
Avdelingsleiar
 
Ole Christian Heimly
Tlf. 456 59 473 
E-post: Ole.christan.heimly@stord.kommune.no
Ass.avdelingsleiar
Kari Løbø Alfarnes 
E-post: kari.lobo.alfarnes@stord.kommune.no
Ergoterapeut for born og unge
Brita Monsen
E-post: Brita.Monsen@stord.kommune.no
Ergoterapeut for born og unge
  

Kven kan få hjelp?

  • Barn og unge under 18 år som på grunn av nedsett funksjonsevne har vanskar med å leike og utføra kvardagslige aktivitetar, eller står i fare for å få slike vanskar.  
  • Barn som har lettare motoriske vanskar, forsinka grovmotorisk utvikling, eller forsinka finmotorisk utvikling, til dømes skrivevanskar?
  • Barn med meir alvorlige utviklingsforstyrrelsar.  
  • Barn utsatt for skade eller sjukdom.  
  • Barn med kroniske lidinga, til dømes nevrologiske, revmatiske og ortopediske sykdommer, psykiske vansker eller hjerte- og lungeproblematikk. ME, ADHD, autisme, CP mfl.

Kva kan ergoterapeutane bistå med?

  • Råd og veiledning når det gjelder bustadar og tekniske hjelpemidler
  • Funksjonsvurdering
  • Tilbyr målretta tiltak og trening i ein avgrensa periode.
  • Me hjelper til med tilrettelegging av aktivitet og leik herunder utprøving, formidling, søknad og tilpassing av hjelpemiddel. 

Prioriteringsnøkkel

Prioritet Eksempel

Prioritet 1 

Maksimal ventetid er 7 dagar. 

Rask intervensjon vert vurdert å ha særleg stor betyding for brukaren sitt funksjonsnivå, lindring og livskvalitet.

  • Personar med kort forventa levetid/terminal fase
  • Personar med akutt behov/alvorleg og brått funksjonstap
  • Akutte overgangsfasar
  • Barn/unge med lungeproblem, akutt fase
  • Barn/unge i terminal fase med kort forventa levetid
  • Barn/unge som har eller står i fare for å utvikla trykksår, f.eks ryggmargsskadde, nyopererte

Prioritet 2

Maksimal ventetid er 14 dagar.

Tidleg intervensjon vert vurdert å ha stor betyding for å setja brukaren i stand til å gjenvinna, utvikla eller oppretthalda funksjonsnivå og hindra ytterlegare funksjonstap.

  • Personar der funksjon eller smertetilstand vil bli vesentleg forverra dersom intervensjon vert utsett
  • Personar med brått funksjonstap
  • Personar som er i overføringsfasar der tiltak må påbyrjas raskt
  • Personar som har behov for tiltak for å få/behalde utdanning/arbeid
  • Barn/unge med lungeproblem, aktiv fase
  • Barn/unge med forverring i psykisk helse, livskvalitet og funksjonsevne
  • Spedbarn med torticollis, asymmetri, fødselsskade
  • Vurdering av motorikk hos spedbarn/barn <1 år
  • Premature spedbarn
  • Vurdering av spedbarn med fotproblematikk
  • Barn/unge med progredierande lidingar, aktiv fase
  • Barn/unge med reumatiske og ortopediske lidingar, aktiv fase
  • Barn/unge med nyoppdaga nevrologiske eller genetiske lidingar
  • Barn/unge med akutt hjelpemiddelbehov, eller behov for tilrettelegging av omgjevnader.
  • Nyopererte barn/unge
  • Intensiv behandling, f.eks oppfølging etter Botoxinjeksjon eller operasjonar

Prioritet 3

Maksimal ventetid er 30 dagar.

Intervensjon er forventa å ha betyding for brukaren for å forbetra og/eller oppretthalde funksjonsnivå og livskvalitet.

  • Personar med byrjande funksjonstap
  • Personar med deltaingsutfordringar
  • Slitasje på pårørande og tenesteutøvarar
  • Premature barn
  • Barn/unge med langvarige psykosomatiske plager
  • Førskulebarn med sein motorisk utvikling
  • Førskulebarn med samansatte vanskar
  • Vurdering ved fotproblematikk
  • Barn/unge med lungeproblem i kronisk fase
  • Barn/unge med funksjonshemming der det er behov for hjelpemidlar/tilrettelegging
  • Barn/unge med progredierande lidingar
  • Barn/unge med revmatiske og ortopediske lidingar
  • Barn/unge som vert henvist til spesialisthelsetenesta
  • Bistand i overgangsfasar (f.eks barnehage - skule)
  • Oppstart av individuell plan
  • Behov for utredning/funksjonsvurdering i forhold til bustad, bil, kognitsjon
  • Overvekt/fedme

Prioritet 4

Maksimal ventetid, 90 dagar.

Intervensjon ansees som hensiktsmessig for brukar, men kan venta.

  • Personar med behov som kan planleggast
  • Barn/unge med varig nedsatt funksjonsnivå i stabil fase
  • Skulebarn med sein motorisk utvikling
  • Skulebarn med samansatte vanskar
  • Barn/unge med kroniske lidingar med behov for rettleiing og vedlikehaldstrening
  • Bistand i overgangsfasar (f.eks barneskule - ungdomsskule)
  • Barn/unge med funksjonshemming med behov for byte av hjelpemidlar (veks ut av hjelpemidlane)

Besøkstid

Eining for aktivitet og re/habilitering har innført at besøkjande til Stord kommunale rehabiliteringssenter må ha avtale med tenesteytar.

  • Har du ein beskjed eller melding som påverkar behandling og besøk, ber me deg nytte Helsenorge.no.  

  • ​Har du behov for kontakt med våre tenester på telefon, gjer du det via Fellestenester på telefon 53 49 66 00.

  • Me ynskjer å gi den beste kvaliteten på tenestene våre. Ved å innføra avtale for besøk får tilsette betre tid til å gje brukarane våre gode tenester ved at ein unngår stadige avbrot i arbeidsdagen. Me handterer personsensitive opplysningar i våre lokale og tiltaket førebyggjer også brot på personver