Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Innsatsteam

Generelt

Innsatsteamet er ein del av tildelingskontoret og består av tre sjukepleiarar. Dei skal  leggja til rette for at ferdigbehandla pasientar på sjukehus kan takast i mot av kommunen. 

Innsatsteamet samarbeider tett med pårørande, sjukehus, kommunal ergo- og fysioterapeut, fastlege, velferdsteknologi, heimebaserte tenester og psykisk helse og rus.

Målgruppe

Tenesta er for deg som har behov for oppfølging i samband med utskriving frå sjukehus.

Innsatsteamet skal følgja opp dei brukarane som er nye for Stord kommune og som ikkje treng meir oppfølging enn 1–2 gongar per veke i inntil 2 veker etter sjukehusopphald, med mål om å avgrensa eller unngå helsetenester.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Rutine er at Innsatsteamet opprettar kontakt med brukaren på sjukehuset for kartlegging før heimreise. Ved behov blir det oppretta kontakt med pårørande for kartlegging av bustad. Målet med dette er å oppnå gode pasientforløp.

Kontakt

Ingrid Jahn, tlf. 902 07 678

Stine Aamodt, tlf. 904 15 744

Kine Jensen, tlf. 474 81 605

 

Anna informasjon

innsatsteam figur.JPG

Tenesta oppdatert: 20.06.2024 09:53