Alle personretta tenester frå kommunen er gratis, men praktisk bistand må ein betala for.
Alle som søkjer om tenester frå kommunen må kontakta Tildelingskontoret.
Ambulant team 1
Dette teamet tilbyr personretta tenester som blant anna legemiddelhandtering, stell, støttesamtalar, praktisk bistand med opplæring, miljøarbeid.
Tilsette i ambulant team 1 jobbar i turnus dag og kveld. Dei som jobbar i miljøet har lang erfaring og kompetanse til å takle ulike utfordringar/uforutsette hendingar som skjer i løpet av ei vakt.
Dette teamet går todelt turnus frå måndag til fredag:
Dagvakt tilgjengeleg i tidsrommet 07.00-15.00
Kveldsvakt tilgjengeleg i tidsrommet 15.00-22.00
Ambulant team 1 har fokus på å bidra til auka meistring i eige liv ved å tilby:
- Støttesamtalar og rettleiing
- Koordinering og utarbeiding av individuell plan
- Verktøy slik at brukar kan meistre livet
- Bustad, arbeid og sysselsetting
- Fysisk aktivitet
- God fagkunnskap og legemiddel knytt til psykiatri/rus/ og somatisk helse
- Utlevering/tillaging av medisin
- Koordineringstiltak/samarbeid med andre instansar som helsesjukepleiar, fastlege, DPS, Valen sjukehus, OT/PPT, NAV, fritidsaktivitetar og ansvarsgrupper
Ambulant team 2
Dette teamet består av psykisk helsearbeidarar som kan tilby støtte til personar som har psykiske helsevanskar og/eller er i ei livskrise og som treng oppfølging i kvardagen.
Teamet har arbeidstid frå måndag til fredag, mellom kl 08.00-15.30.
Ambulant team 2 har fokus på å bidra til auka meistring i eige liv ved å tilby:
- Støttesamtalar og rettleiing
- Koordinering og utarbeiding av individuell plan
- Verktøy slik at brukar kan meistre livet
- Bustad, arbeid og sysselsetting
- Gruppeterapi/fysisk aktivitet
- KID-kurs (Kurs i depresjonsmeistring)
- Fokus på fysisk aktivitet, har turgruppe saman med frisklivsentralen
- God fagkunnskap og legemiddel knytt til psykiatri/rus/ og somatisk helse
- God fagkompetanse i psykisk helse og rus
- Koordineringstiltak/samarbeid med andre instansar som helsesjukepleiar, fastlege, DPS, Valen sjukehus, OT/PPT, NAV, fritidsaktivitetar og ansvarsgrupper.