Avdeling Åsen er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Her finn ein 6 bustader. Kvar bustad inneheld 1 soverom i tillegg til stove/kjøkken. Det er tilknytt eigen personalbase til bustadane og det vert gitt heildøgns omsorg til dei bebuarane som har behov for det.
Bustadane er kommunalt eigd, og bebuarane leiger hos Stord kommune.
Visjon
Gode relasjonar skapar trivsel og meistring
Mål
Skapa ein trygg og omsorgsfull heim i eit miljø som stimulerer til utvikling
Informasjon
Bebuarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Tenestene vert gitt utifrå den einskilde bebuar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde bebuar, pårørande og verje.
Kontakt oss
Avdelingsleiar:
Elisabeth Pedersen Litlehamar
Send e-post til Litlehamar
Telefon:
53 49 69 92 eller 53 49 69 93
Mobil:
Personalbase: 974 39 058